96269434_188584895568129_1179696292075405312_n

MDG Surnadal melder:

Strandrydding

I Lofoten har dei forska på over 800 ulike strandryddeprosjekt, og dei ser ein tydeleg trend på at det blir mindre og mindre plast på strendene etter at dei begynte med strandrydding.

All søppel som ligg i naturen endar til slutt opp i eit vassdrag og i havet, så uansett kvar du er, vil det hjelpe å rydde. Berre det å ta med seg 5 ting frå grøftekanten på Skei eller i Bøfjorden, vil hjelpe.

I 2017 blei "plasthvalen" funnen, og konseptet 5 for hvalen blei oppretta. Målet er at 1 av 5 nordmenn plukkar med seg 5 ting på ein dag, som i gjennomsnitt tilsvarer 35 gram tilsaman. 1 000 000 nordmenn som plukkar 35 gram, vil gje 35 tonn med plast på ein dag, som endar der den skal! Dette kan hindre at dyr et den eller set seg fast i den.

Vi gjer om litt på reknestykket og seier at 1 av 5 Surnadalingar plukkar 35 gram, dette vil og gje 42 kg plast på ein dag! Styret i MDG har plukka saman, men kvar for seg. Vi veit at mange andre har vore ute og plukka allereie også, og mange born har hatt det som lekse i perioden med heimeskule.

96774322_670120863767508_7070633582267465728_n.jpg

96052300_2543078059340199_6795392136406630400_n.jpg

96266988_251903309527251_3896545011268845568_n.jpg

97230164_558274181557111_6724199900969435136_n.jpg

Vi ønskjer å sende ein takk for innsatsen som alle har lagt ned. Vi ønskjer i tillegg å sende ein takk til REmidt som ordna med at vi kunne sette svarte søppelsekkar ved bossdunkane våre under strandryddeveka. Dei kunne  ikkje gjennomføre opplegget sitt som normalt pga korona. 

Saman tek vi vare på naturen i Surnadal, bli med og plukk 5 for hvalen, fisken eller fuglen du og!

Helsing Styret MDG