Strålande "Stuck på sæntre"
Tysdag var det klart for generalprøve på niandeklasseprosjektet "Stuck på sæntre", og det vart raskt klart at alle som har kjøpt billett kan glede seg stort til forestillingane.
Tysdag var det generalprøve på niandeklasseprosjektet «Stuck på sæntre», som har premiere onsdag.
Og 2004-kullet ved Surnadal ungdomsskule imponerer. Stort!
Premisset for det ferdigskrivne manuset, som prosjektsjef Lisbet Gausen har skrive om til å omhandle lokale forhold, er som følgjer:
Butikksenteret i Surnadal, som er blant LL Drift-sentra som i løpet av hausten skiftar navn til «Alti», har nattåpent, og medhøyrande salsbonanza.
Det fører til at vi i løpet av dei to aktene på til saman om lag 90 minutt vert godt kjende med mange morsomme og gode karakterar. Blant desse er Securitas-vaktene Rolf (Ole Dalsegg) og Kari (Lina Husby Nygård), som stadig er på jakt etter ungar dei kan kaste ut, og onkel Bjarte.
Bjarte (Vidar Humberset) skal køyre niesene sine, Ida (Anne Eidsli Rodal) og Oda (Aurora Dønheim Berle), på dans og handball. I staden endar det med ein stor leiteaksjon, der Ida og Oda må leite senteret rundt for å finne att den ekstremt fugleinteresserte onkelen sin.
Dagsaktuell og gjennomført
Jentene sin leiterunde på senteret er rett og slett god underhaldning, der dei er innom butikkar som er godt kjende for dei fleste surnadalingar, og møter butikkmedarbeidarar vi absolutt tykkjer vi dreg kjensel på.
Det er ikkje berre den lokale handelsstanden og lærarane på ungdomsskulen som dukkar opp i forestillinga.
Både tidlegare rikspolitikarar, tannlegar og lokale kulturpersonlegheiter er med, og dette er med på å bidra til at «Stuck på Sæntre» framstår som dagsaktuell.
Bandet, som og består av niandeklassingar, leverer til tusen, og både scenografi, kostymer og ikkje minst animasjonane på bakteppet er verkeleg bra.
Det gjer at ramma rundt det som skjer på scena er rett fram imponerande, og skodespelarane, songarane og dansarane følgjer opp.
Imponerande song og dans
Etter å ha sett forestillinga er det omtrent umuleg å ikkje trekkje fram Hannah Sjøflot Bremer, som har ei songstemme og ein nerve i stemma som få andre på sin alder.
I Oda og Ida sitt møte med dei artige godteriseljarane Søster Dorothea (Lina Husby Nygård) og Søster Randine (Astrid Dammen Gjeldnes), må Søster Veslemøy (Sjøflot Bremer) til slutt tilkallast for å sikre at dei to jentene får i seg nok godteri.
Her vartar Bremer opp med ein flott versjon av Alicia Keys-låta Girl on Fire, berre med godteritema.
Og i versjonen hennar av Adele sin «Someone like you» i nummeret Amfi Talenter kom faktisk gåsehuda allereie under førsteverset.
Hannah Sjøflot Bremer har ei inderlegheit i stemma som få andre 15-åringar, og imponerer stort i "Stuck på sæntre".
Amfi Talenter, seint i første akt, var nok det aller største av fleire høgdepunkt i «Stuck på sæntre».
Først sang trioen Oda Bæverfjord, Astrid Dammen Gjeldnes og Lina Husby Nygård ein kjempefin versjon av Charlie Puth sin «One call away», og viste at 2004-kullet er utstyrt med mange dyktige songarar.
Deretter var det gutane i dansegruppa sin tur, og Vidar Humberset, Vegard Dønnem, Ole Moe Stensønes, Espen Andersen og Sondre Nes sjarmerte publikum med ein solid og imponerande synkron dans til «Single ladies (Put a ring on it)» av Beyoncè.
«Bente Krangnes Edvardsen», godt spelt av Aurora Dønheim Berle, var entusiastisk konferansier under Amfi Talenter, som vart avslutta av det imponerande «Someone like you»-nummeret til Hannah Sjøflot Bremer og dansarane.
Og nettopp dansarane krydra heile «Stuck på sæntre» med godt koregraferte dansar gjennom heile forestillinga.
Andre akt starta med ei forrykande fellesdansenummer til mellom anna «Gibberish» av MAX, og også det siste dansenummeret, til mellom anna Rihanna-låta «Work» og «Ain’t my fault» av Zara Larsson, heva showet.
Høg kvalitet
Omtalar av lokale forestillingar kan kanskje hevdast å ha ein tendens til å vere i overkant positive.
Når det gjeld akkurat «Stuck på sæntre», kan ein likevel, med handa på hjertet, seie at alle som har kjøpt billett bør glede seg.
For dette var av såpass høg kvalitet at det var lett å gløyme at det faktisk er niandeklassingar vi ser og høyrer.
Forhåpentlegvis ser vi meir av denne gjengen i det lokale kulturlivet i åra som kjem!
Trollheimsporten kjem med fleire bilete frå "Stuck på sæntre".