Stortrivst på vintercamp
For tredje året på rad arrangerer iTrollheimen vintercamp i Trollheimen, med stor suksess. Både deltakarar, arrangørar og samarbeidspartnarar kosar seg på leir i Helgetunmarka.
– Alt vi held på med her er kjempeartig.
Orda tilhøyrer snart ni år gamle Leah Elvira Furuhaug.
Ho er blant deltakarane på det som er den andre av iTrollheimen sine to vintercamp-arrangement, og ho er slett ikkje åleine om å vere storfornøgd med opplegget.
Mellom basen ved Trollhøtta og Langvatnet er 19 ivrige ungar, i alderen 7-12 år, i full sving med dagens høgdepunkt: hundespannkøyring og trugesertifikat.
– De skjønnar det, folkens, at akkurat som når vi vaksne «køyrer opp» og tar billappen, er det viktig at vi no «går opp», og tar trugelappen, seier Gøran Bolme til den spente forsamlinga.
Populært tiltak
Saman med Åse Børset arrangerer og gjennomfører han heile opplegget, som varar frå måndag til onsdag.
I og med at vinterferien i Trøndelag og Møre og Romsdal er lagt til to ulike veker, arrangerer iTrollheimen i år for første gong vintercamp to veker etter kvarandre. Førre veke var deltakinga noko lågare, i og med at dette var eit nytt tilbod for trøndarane.
Denne veka vart vintercampen raskt fullteikna.
– Vi hadde i utgangspunktet sett eit tak på 20 deltakarar, men pågangen var såpass stor at vi enda opp med 21, seier Bolme, som fortel at to deltakarar dessverre måtte kaste inn handkleet på grunn av feber.
Skjermfri sone
Under leirane får ungane prøve seg i ei rekkje friluftsaktivitetar, som skileik, isfiske og snøbading. I tillegg vert kveldane fylt av brettspel, kortspel, quiz og hyggeleg sosialt samvær i Trollhøtta eller Trollavvoen.
– Vintercampen er hundre prosent skjermfri sone, så her er det ikkje mobiltelefon og YouTube som er underhaldninga – den skapar ungane sjølve, seier Bolme, og ler:
– I går var vi 21 personar som leikte gjømsel. Inne i Trollheimshytta. I tre timar.
– Det at det er skjermfritt her er kjempeviktig. Det gjer at det blir endå større fokus på det sosiale, og relasjonane ungane i mellom, seier Åse Børset.
Ifølge Bolme var skjermfri Vintercamp opprinneleg eit initiativ frå foreldra til dei påmeldte ungane første gongen leiren vart arrangert.
– Sidan har det i grunn ikkje vore tema, og det er det ikkje blant ungane no heller. Mi erfaring er at dette blir ei meir felles oppleving på grunn av det grepet, seier Bolme.
Gøran Bolme og Åse Børset arrangerer og gjennomfører iTrollheimen Vintercamp.
Får positive tilbakemeldingar
Duoen Bolme og Børset fortel at det ligg mykje meistring for ungane i å delta i vintercampen.
– Mange av ungane har ikkje sove vekk frå foreldra sine før, så berre det ligg det mykje meistring i. Ungane er kjempetøffe, og kvir seg ikkje for noko. Dei berre køyrer på i dei ulike aktivitetane, seier Bolme.
Vintercamp-arrangementa er eit samarbeid med Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, og definert som ein friluftsskule.
– Vi får veldig positive tilbakemeldingar frå friluftsrådet. Andre plassar der liknande opplegg blir arrangert, ligg ungane gjerne over heime og kjem att neste dag. Her overnattar alle i hytte og lavvo annakvar natt, så det er nok tøffare ungar her, smilar Bolme.
Han fortel at Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal heldt på å få sjokk, i positiv forstand, då han og Åse Børset fortalte dei at dei under fjorårets Vintercamp overnatta ute i lavvo i 16 minusgrader.
Gode samarbeidspartnarar
Nytt av året er samarbeidet med Trollheimen Husky frå Nerskogen. Ekteparet Karl Magnus Holberg og Beate Berg kom tysdag med 12 av dei 27 Alaska-huskyane sine, slik at deltakarane fekk både sitte på og køyre hundespann.
– Under den første campen var ein av deltakarane så redd hundar at han nesten ikkje ville gå ut av hytta den dagen hundane kom. Han enda til slutt opp med å køyre det største hundspannet åleine, og hadde ein stordag, fortel Bolme, og legg til:
– Det er for å skape slike gode opplevingar vi held på med dette.
Både Trollheimen Husky og iTrollheimen er godt fornøgde med samarbeidet dei i mellom.
– Det blir heilt sikkert meir samarbeid. Vi er fornøgde, dei er fornøgde og ungane er fornøgde, så det er ikkje så mykje meir å tenke på, seier Karl Magnus Holberg, som fortel at dei allereie ser på mulegheitene for å få til eit spor frå Nerskogen og opp til Trollheimstunet.
– Dette er eit draumesamarbeid for oss, og eit godt døme på at det er viktig å ha oversikt over kven som driv med aktivitetar som kan knyttast saman, seier Åse Børset, som deler Holberg si tru på at det blir meir samarbeid mellom partane i framtida.
Arrangørane iTrollheimen, som og står bak ein tilsvarande sommarcamp i samband med Småtrolluka, er og opptekne av å bruke kortreist mat under friluftsskulane sine.
– Det er viktig for oss å bruke lokale aktørar. Brøda vi serverer vert laga av Martin Trønsdal ved Gardsbakeriet Hæmstelt, og i går var middagen frå 3 Venner. I dag er det pølsefest frå Sylte Gårdsslakteri, så det er rimeleg kortreist, fortel Bolme.
Storparten av dei 19 deltakarane er og relativt kortreiste. Fem av dei er rindalingar, medan resten stort sett kjem frå Surnadal.
Beate Berg og Karl Magnus Holberg og Alaska-huskyane deira var eit populært innslag tysdag.
– Den beste gåva eg har fått
Lotta Vassgård Slatlem, derimot, kjem frå Averøya. Ho fekk plass ved iTrollheimen sin vintercamp i 10-års-gåve frå foreldra sine.
– Det har vore den beste gåva eg nokon gong har fått, seier ei lykkeleg Slatlem, som trekkjer fram hundekøyring som det store høgdepunktet så langt.
– Eg er veldig, veldig glad i hundar. Bestemora mi har to huskyar, faktisk.
Hundekøyringa slo og an hos Sondre Andersen, som såg ut til å ha stålkontroll på hundespannet han køyrte.
– Ja, eg følte eg hadde kontroll, så det gjekk greitt. Det var i alle fall veldig artig, seier han.
Også Leah Elvira Furuhaug hadde gleda seg veldig til hundekøyring, saman med venninna Anna Lila Mauset.
– Det var akkurat så artig som vi trudde, strålte dei to åtteåringane etter to rundar saman med dei Holberg, Berg og dei 12 Alaska-huskyane.
Mauset og Furuhaug var med på iTrollhiemen sin vintercamp for første gong, og fortel at dei stortrivst så langt.
– Quizen i går kveld er kanskje det aller artigaste til no, seier Mauset, medan Furuhaug og trekkjer fram trugesertifikatet som stas.
– Det klarte vi lett, seier dei to, før dei kjem med ei lita innrømming:
– Men det var litt vanskelig i oppoverbakkane, då!
Lotta Vassgård Slatlem fekk plass på iTrollheimen Vintercamp i 10-års-gåve, og storkosar seg på friluftsskule.
Anna Lila Mauset og Leah Elvira Furuhaug stortrivst med quiz, hundekjøring og trugesertifikat, som dei klarte med glans.
Gøran Bolme feirar at gruppa klarte trugesertifikatet, eller å "gå opp", som han kalte det.
Fleire bilete: