Stortrivdest på sommarleir
Den første av tre TaeKwon-do-leiarar i Surnadal i sommar, ungdomsleiren, er no ved vegs ende. Og både arrangørar, deltakarar og instruktørar slår fast at den vart ein stor suksess.
– Denne leiren har vore meir som ei oppvarming til vaksenleiren og barneleiren, sidan dei fleste deltakarane på ungdomsleiren har vore med før og veit kva dei går til.
Det seier Kjell Gunnar Polden, hovudinstruktør i Surnadal NTN TaeKwon-Do-klubb. Han fortel at graderinga fredag sett eit fint punktum for det som har vore ei flott veke på leir.
Sommarleiren i Surnadal har vore arrangert sidan 1991, og vert dermed arrangert for 30. gong neste år.
– Anders Bolme og eg satt og rekna på kor mange overnattingsdøgn leirane har skaffa Surnadal, og vi kom til over 150 000. Det er ganske mykje, smilar Polden.
Nordmøre Folkehøgskule-læraren tykkjer det er artig at både instruktørar og leirdeltakarar vel å ta turen til Surnadal, år etter år.
– Det er stor stas at folk er så fornøgde med Surnadal. Uansett om dei er i kontakt med butikkar, bank, politi eller bensinstasjonar, så er dei over seg på grunn av den gode hjelpa og servicen dei får, seier Polden, og fortsett:
– Vi har eit ekstremt høgt servicenivå i bygda, utan at eg trur at innbyggjarane i Surnadal tenker over det. Vi som bur her burde kanskje vore meir klare over kor heldige vi faktisk er som har det slik i bygda vår.
200 deltakarar
Og i sentrum for denne kortreiste forma for turisme, som Polden kallar TaeKwon-Do-leirane, står naturleg nok sporten og treninga.
Denne veka har om lag 200 deltakarar og 15 instruktørar hatt to treningar for dag, pluss aktivitet på kveldstid.
Instruktør Helle Christiansen frå Trondheim er med som instruktør for andre gong, og 19-åringen har storkosa seg.
– Det har vore ei utruleg artig veke. Enkelte små utfordringar, der ein må halde deltakarane litt i tøylane, vil det alltid vere, men det har gått veldig fint, smilar ho.
Christiansen har hatt ansvaret for ei gruppe på 30 deltakarar med grønt belte, i tillegg til at ho har hatt overordna ansvar for 20 ungdommar heile døgnet og utanom treningane.
– Med varierte aktivitetar på kveldstid, som kino, instruktørshow, teambuilding og discotek, verkar det som om folk har hatt ein kjempefin leir, seier Christiansen, som kjem att til bygda for å vere instruktør under barneleiren i august.
– Eg må innrømme at eg tykkjer det er «knallgøyttj» når slike som Helle, som sjølv har vore med på 10 barne- og ungdomsleirar som deltakar, kjem att og er instruktør, seier Kjell Gunnar Polden.
Han fortel at instruktørane kom til Surnadal helga før leiren starta, for å ha teori, førstehjelpskurs og teambuilding i Todalen.
– Vi har ein veldig rutinert instruktørstab, der berre ei var med for første gong, og der vi mellom anna har med Linn Benjaminsen, som så seint som i vår vart verdsmeister i mønster, seier Polden, og legg til:
– I tillegg har vi vore så heldige at vi har hatt med to frå eigen klubb mot slutten av veka - Una Langeland Gravvold torsdag og fredag og Jorunn Fiske fredag.
Verdsmeister i mønster, Linn Benjaminsen, her saman med Kjell Gunnar Polden, var blant instruktørane under ungdomsleiren.
– Tilbodet i Surnadal har aldri vore betre
Blant dei om lag 130 som gjekk opp til gradering fredag, var fleire lokale TaeKwon-Do-talent.
Marte Halgunset (15) frå Rindal har heldt på med TaeKwon-Do i nesten to år, og har allereie gjort det så godt at ho etter fredag har blått belte med raud stripe. Graderingssystemet i NTN TaeKwon-Do finn du her.
– Eg har hatt det kjempeartig på leir. Det er artig å møte nye folk og være sosial, seier Halgunset, og får støtte av Heidi Fiske (13) frå Surnadal, som etter graderinga fredag har raudt belte med svart stripe.
Martin Pihl-Strand var og blant dei som graderte seg fredag, og hovudinstruktør Polden seier at tilbodet i Surnadal NTN TaeKwon-Do-klubb aldri har vore betre.
– Vi har 140 medlemmar, og blant desse avdeling på Ålvundeid med 35 aktive. Blant dei 140 er det om lag 10 som konkurrerer aktivt, så det aller viktigaste for oss er å skape glede, seier han.
Martin Pihl Strand (t.v) i aksjon i sparring under gradering fredag.
Ein gjeng spente utøvarar får tilbakemelding etter fullført gradering.