Stortingsvalget 2013
Stortingsvalget 2013 er over, og de fleste har vel fått med seg at vi nå får et regjeringsskifte. I Trollheimsportens kommuner viser valgresultatet at i Rindal er Sp på topp og fikk 37,5 % av stemmene, med AP på 2. plass med 35%. I Surnadal er det omvendt, der topper AP med 37,9 % av stemmene, mens SP fikk 28,2 %. Høyre ligger på 3. plass i begge kommunene. Prosentvise resultater fra alle partier i begge kommunene finner du under. - Og en hilsen fra Jenny Klinge!
Her på NRKs sider finner du de siste oppdaterte resultater fra alle kommuner og fylker
Helsing til Trollheimsportens lesarar frå Jenny Klinge etter valet:
Hei og hopp :)
Det er ein stor lettelse at vi sikra mandatet i Møre og Romsdal. Det hadde jo vore ille om vi rauk ut, men oppslutninga vart betre enn eg frykta. Eg håpte på minst 8,0. Vi fekk 8,2 prosent, og det er supert. Det er også kjempeartig at valresultata i Rindal og Surnadal vart så bra. Visstnok det beste Sp-resultatet ved stortingsval i Surnadal sidan 1969. Og rindalingane stilte opp med endå ti prosent større oppslutning enn surnadalingane. Dette er motiverande for jobben som skal gjerast framover.
Det eg fryktar mest no, er at landbruket og den lokale velferden skal li under at vi får ei ny regjering. Kommuneøkonomi og velferdstenester heng tett i hop, og det er grunn til å frykte at særleg dei mellomstore og mindre kommunane får dårlegare råd framover. Landbruket treng stabile og gode rammevilkår, og når Høgre og Frp har gått inn for å kunne henhaldsvis 1,5 og 6 mrd til landbruket, er det grunn til å vera bekymra. Men eg håpar bøndene held oppe optimismen, vi skal i alle fall gjera vårt til at den politiske belastninga ved å kutte i midlar til landbruket blir så stor at regjeringa dempar seg.