Leserinnlegg _150x150

Lesarbrev frå styret i Surnadal bondelag

Stort verdiskapingsprosjekt i Surnadal

I desse dagar er 35 bedrifter i Surnadal i ferd med å avslutte eit større verdiskapingsprosjekt. Kvar bedrift har sjølv leiinga for sitt eige prosjekt men det har gjennom året vore fleire treffpunkt med erfaringsuveksling både på felles møter, gjennom direkte kontakt mellom to eller fleire bedrifter og gjennom skriftleg fagleg og økonomisk kursing og oppdatering.

Det har vore litt ulik bruk av innleigd kompetanse til rådgjeving. Bedriftene er ulike i storleik og har ulike mål for vidare utvikling av drifta.

Prosjektet har bestått av to innleiande rundar med valg av strategiar og gjennomføringsmåte med hovudfokus på bruk av innsatsfaktorar. I mellom desse har det vore rolegare gjennomføringsperiodar der det har vore fokus å utnytte dei valga som er gjort tidlegare på best mogleg måte.
For dei fleste deltakaraneer målet å auke omsetjinga si gjennom både betre einingsprisar og større einingar. I løpet av kort tid nå i vår aukar status for lagerbehaldninga til dei fleste med heile 200 %.

Bedriftene er sauebønder. Dei første delprosjekta er påsett av livdyr og deretter parring, og hovudprosjektet no i vår er lamminga. Det er kalla vårens vakraste eventyr, men det er og resultatet av eit kontinuerleg strategiarbeid frå kvar enkelt bonde som heile tida vurderer verdiskapinga og satsingsområda for si bedrift.
Ser du korleis orda vi bruker er med på å forme oppfatninga vår av det vi høyrer eller les?

Har du tenkt på landbruket på denne måten før?

Bøndene er sjølvstendig næringsdrivande som kvar dag går på ein jobb der ingenting er tilrettelagt for dei av andre men der dei sjølve må planlegge dagen, veka og månaden. Bonden er både bedriftsleiar og den ansatte ”på golvet”. Han og ho skal gjere valg om driftsstrategiar, investeringar, vedlikehald av maskiner og bygningar, kva skal han dyrke, kva for dyr skal avlast vidare på. Kor mykje areal og kor mange dyr? Skal han gjere alt arbeidet sjølv eller leige inn hjelp? Har han nok kunnskap til å gjere gode strategivalg sjølv eller skal han leige rådgjevarar? Er dei økonomiske tilhøva slik at det er råd å utvikle drifta vidare eller er det kome til eit stadium der det mest fornuftige er å avvikle?

Bonden må halde seg fagleg oppdatert på ei lang rekkje område både innan avl, fôring, plantedyrking og gjødsling, miljøregelverk, reglar for hald av ulike dyr, reglar for bruk av maskiner og reiskap. Han og ho er sin eigen mekanikar, snikkar, sekretær, maskinførar, gjetar,  strategirådgjevar, HMS-ansvarleg, fjøsmester, dagleg leiar og styreformann.
Arbeidstida er frå tidleg morgon til seint på kveld og i periodar er det skiftarbeid med ukurant turnus. Av og til der det litt tid til overs midt på dagen, så da kan du treffe bonden på daglegvarebutikken. Bonden er og medeigar i fleire av landets største bedrifter. Dagleg sender han ein lastebil til daglegvarebutikken med varer. På bilen står det TINE. Inne i bilen har han varer både frå TINE og andre større og mindre bedrifter i næringsmiddelindustrien.

Veit du kor mange andre bedrifter som har ein vesentleg del av si omsetning og sysselsetting retta mot landbruket?

Mjølkebonden har annakvar eller tredjekvar dag ein tankbil innom for å hente mjølk. Kvar eller annakvar månad er slakteribilen for å hente dyr. Dyrlegen er ofte innom fleire gonger i veka for å behandle eller inseminere kyr. Det er stadig behov for å vedlikehalde rør , maskiner eller elektrisk anlegg så rørleggar og elektrikar og mekanikar er kanskje på besøk fleire gonger i året. Eit nytt fjøs har kanskje fleire kilometer rør og kablar. Dieselbilen kjem med jamne mellomrom. Røv Mølle eller Felleskjøpet kjem med fôr ein gong i månaden. Innleigde transportørar kjem med gjødsel og ensileringsmiddel. Maskiner og reiskap blir kjøpt og vedlikehalde av mellom anna Eiksenteret og Felleskjøpet. Jorda skal drenerast så det blir behov for gravemaskin. Det skal leggast drensrør som er produsert på Pipelife. Dei varene bonden leverer skal foredlast vidare på ei eller anna næringsmiddelbedrift og transporterast vidare til butikkane. Det blir mange som har arbeidsplassen sin heilt eller delvis knytt til det arbeidet bøndene gjer. Kvar bonde skapar ringverknader som sysselset minst to andre stillingar.

No er det jordbruksforhandlingar. Bonden har i snitt 170 000 kr lågare inntekt enn det som er snittløna for eit årsverk i andre yrke. Landbruket har kravd at dette gapet skal reduserast gjennom ei auke i bøndenes inntekt på 47000 kr. Tilbodet frå Staten er 25000 kr.

Ved Stortingsvalget i haust er det og ei skjebnetid for landbruket. Forskjellen i landbrukspolitikken er stor mellom partia, og valget vil kunne få stor verknad for korleis det ser ut omkring deg om nokre år.

Lege, prest og lensmann treng du nokre få gonger i livet. Ein bonde treng du tre eller fire gonger om dagen.
Har du sagt takk til ein bonde i det siste?

Gjer det, og ta det med eit smil når det om nokre dagar luktar skikkeleg vår i bygda. Skal det bli mat må det lukte litt møkk. Ha ein fin vår!

Helsing
Surnadal Bondelag

Leserinnlegg _200x200.png