Storslått stemmerettsjubileum!
Stor jubileumsfest på Gammelfabrikken Talgø 24. oktober 2013
Trass i regnet som hølja ned og torsdagskveld, fekk om lag 250 personar seg opp av godstolen og tok turen innover til Gammelfabrikken i Todalen for å feire at det er 100 år sidan kvinner fekk stemmerett. Litt uventa, men svært positivt, at det og var så mange menn blant dei oppmøtte. Det lovar godt for likestillinga! Mange var nok og nysgjerrige på å sjå Gammelfabrikken, som har vorte Talgø Utstillingssenter.
Markeringa i går kveld var eit samarbeidsprosjekt mellom Surnadal kommune, Todalen sanitetsforening og Talgø. Kommunens representant, Lilly Gunn Nyheim, opna jubileumsfeiringa på ein tydeleg og frisk måte. Og ein må berre ta av seg hatten for den fenomenale innsatsen Todalen sanitetsforening har lagt ned for å få til denne storarta festen.
Surnadal kommune kunne ikkje ha funne ein meir høveleg plass til dette hovudarrangementet i stemmerettsjubileet. Dei lekre ,møblerte og romslege salane kan huse nokre hundre gjester. Så Talgø og todalingane har verkeleg sitt «kulturhus»! Og historia bak Talgø gjer Gammelfabrikken til den optimale plass for å hylle kvinners stemmerett.
Ekteparet Thora og Thore Talgø grunnla Talgø Møbelfabrikk i 1899. Thora var ein av dei fyrste kvinnelege industrileiarane i Noreg, og som sanitetsgrundaren, starta ho Todalen sanitetsforening i 1916. Thoras barnebarn, Tora Valset, heldt ein svært fyldig og engasjerande presentasjon om si energiske og nyskapande bestemor som aldri gav opp.
Leiaren i Todalen sanitetsforening, Maren Ansnes, hadde ei interessant og underhaldande orientering om sanitetens rolle i Todalen gjennom snart 100 år. Ein skal vel og leite lenge i dag før ein finn ei så aktiv sanitetsforening som Todalen framleis har.
Maren drog og interessant parallell mellom Thora Talgø og Fredrikke Marie Qvam. Fredrikke stifta Norske Kvinners Sanitetsforening i 1896, og ho skal har mykje av æra for kvinners stemmerett i 1913.
Søstrene Astrid og Jorund Talgø hadde ein fin powerpresentasjon om tippoldemora Thora Talgø. Positivt at den yngre generasjon ser verdien av å føre historia til sine gamle føregangskvinner vidare!
Fylkesvaraordførar og venstrepolitikar ,Gunn Berit Gjerde, var gjesteførelesar med tema «Kvinne i politikken» der mange tankevekkjande, triste og humoristiske erfaringar kom fram. Så kvinner har tydelegvis framleis mykje å kjempe for.
Fleire gode kulturinnslag fekk vi og med oss. Eivind Hasle fortalde om kampen for stemmeretten som vart knytt til eit rollespel (Stortingsdebatten frå 1980) med Surnadal formannskap som aktørar. Vi fekk vakker song av koret VOX. Den dyktige felespelar Torgeir Leivdal avslutta med stemningsfulle slåttar av todalingen Hallvard Ørsal.
Det var salsboder med Viastua Gardsprodukt Todalen og Sylte Gardsslakteri.
Utlodninga tok inn 10 000 kr som går til Todalen Sanitetsforening.
Mat må til! Og det hadde Todalen Sanitetsforening sørga for i full mon, og det smaka tydelegvis godt. Bakelsrøre av 25 liter mjølk gjekk med! Mykje nydeleg graut, syltetøy, lefser og på litervis med kaffi vart og fortært.
Todalen Historielag ved Svein Åge Saksen tok opptak av heile jubileumsfesten. Så dette blir historie å sjå tilbake på.
Terningkast 6 til denne storslåtte markeringa av 100-årsjubileet for kvinners stemmerett!
Anne Vognild Einum
Klikk på bilda nedanfor å sjå dei større eller i serie: