Lene Gåsvatns preike søndag 9. februar
Storm i eit døypefat
Storm i vassglaset har alle høyrt om. Uttrykket går ut på å bagatellisere problem som einkvan måtte sjå som store. Kva så når stormen kjem i døypefatet, kan me bagatellisere det? Det skal vanskeleg lata seg gjerast.
Evangelium: Mark 4,35-41
Samme dag, da det ble kveld, sa han til dem: «La oss sette over til den andre siden av sjøen.» De lot folkemengden bli igjen og tok ham med seg i båten der han satt. Også andre båter fulgte med.
Da kom det en voldsom virvelstorm, og bølgene slo inn i båten så den holdt på å fylles. Jesus lå og sov på en pute bak i båten.
De vekket ham og sa til ham: «Mester, bryr du deg ikke om at vi går under?» Da reiste han seg, truet vinden og sa til sjøen: «Stille! Vær rolig!» Vinden la seg, og det ble blikk stille.
Så sa han til dem: «Hvorfor er dere så redde? Har dere ennå ingen tro?» Og de ble grepet av stor frykt og sa til hverandre: «Hvem er han? Både vind og sjø adlyder ham!»
Vatn kan me ikkje leva utan. Kroppen vår tåler ikkje å vera utan drikke. Det finst ikkje noko som er meir livsviktig for oss enn vatn. Og på den andre sida: Vatnet kan også vera livsfarleg. Særleg når stormen kjem, og spesielt når virvelstormen kjem kastande. Då er det farleg å vera ute i båt. Disiplane til Jesus kjempar med båten i lengste laget. Når dei fyrst kjem på å vekke Jesus, er dei ikkje berre vanleg redde. Dei er så redde at dei er sinte i tillegg. Og Jesus vinn på alle frontar. Han set vinden på plass. Og han set disiplane på plass. Vatnet er ikkje farleg lenger når virvelstormen har lagt seg.
Nokon brukar uttrykket «storm i eit vassglas» når dei ikkje forstår problemet slik einkvan annan kan gjera det. For eksempel: Om borna byrjar å protestere på leggetidene sine, kan me vaksne kalle det for å laga storm i eit vassglas.
Eller: Om mor og far blir sure for at dei må plukke lego, kan borna kalle det for storm i eit vassglas. Det er då ikkje SÅ farleg om dei må plukke litt lego, plukke opp noko klede, eller mase litt med leksene? Me brukar uttrykket storm i eit vassglas om problem andre syns er kjempestore, mens me sjølve trekkjer på skuldrane og ikkje forstår kva dette er å øse seg opp for.
Kva så med storm i eit døypefat – går det an, det då? Vatnet ligg der blankt og stille. Me ser ikkje antydning til bevegelse lenger. Skulle det kunne bli storm i døypefonten, storm i eit døypefat? Og korleis skulle det kunne bli det??
Det er Jesus nøkkelen til å forstå. I historia om Jesus les me at han døydde på korset. Og så vart han lagt i ei grav. Det vart rulla ein svær stein framom. Og endå til var det soldatar der som skulle passe på.
Så kjem stormen, og den tek endå til langt nedover i bakken! Jesus får livet tilbake, og kreftene er så store at grava blir sprengt og vaktane ligg strødd fordi dei har besvimt.
Altså: Det er ein storm i døypefatet. Ein svær storm som ikkje skulle vera mogeleg. Men det er det! Og det er eit under i dette vatnet som ikkje skulle vera mogeleg. Dermed må det vera eit under!
Underet er at alle som blir døypt til Faderens og Sønnens og Den Hellige Ånds namn og får vatn på seg, dei får Jesu liv på same måte som han fekk det sjølv då han stod opp att frå grava.
I dåpen skjer det noko rart som me ikkje ser, men som me kan tru at er eit under og mirakel: Me får vera i lag med Jesus i ein død som er lik hans. Og me får vera i lag med Jesus i ein oppstandelse som er lik hans.
Ikkje rart det kan vera storm i døypefatet når det er så mykje liv der! Synda og døden ordna Jesus opp med så det held. Livet og framtida la han føre oss, så det berre er å stige på for vår del. At det kan skje så store under berre i tre små skvettar vatn, er det vanskeleg å forstå. Men så er det ikkje sikkert me skal forstå alt. Det går an å tru det lell.
Så er det difor me seier til alle dåpsborn: Gud velsigne din utgang og din inngang til evig tid. Det handlar om å gå ut av det dødelige livet og inn i det evige livet allereie i starten av livet. Det er så rart at det reint er som eit under!