690 IMG_0162

Stor stas med rosarussedåp

Barnehageungane i Midtigrenda barnehage strålte om kapp med sola då dei fekk besøk av Surnadalsrussen torsdag. Men rosarussen var ikkje heilt samde om kva som var det aller, aller artigaste - russen, is eller sjølve dåpen.

 

I Midtigrenda barnehage brukte dei dagen før dagen bortimot som ei øving til 17. mai, med tog, fane, pølser og is. I tillegg vart det gjennomført sekkeløp og spring med egg på skei, til stor glede for ungane.

Stor glede blant ungane vart det og då Surnadalsrussen dukka opp for å døype rosarussen - dei eldste barnehageungane.

Jakob Strand, Luna Holten Arnestad, Maja Kristine Ansnes Moe, Vida Sæther, Ellen Helgetun Schei og Elijah Larsson fekk alle utdelt diplom og rosarusselue, som bevis på at dei om ikkje lenge skal skifte ut barnehage med skule.

Heile fire russebilar og bortimot 20 russ møtte opp for å delta på markeringa, der ungane i Midtigrenda stråla om kapp med sola.
 

– Stas både for oss og dei

Russepresident Erik Kvendset Andersen fortel at han og resten av russen tykkjer det er stor stas å besøke barnehagane.

– Slike besøk er veldig artige, og vi ser at ungane kosar seg og. Vi har besøkt fleire barnehagar, og det er alltid god stemning når vi kjem på besøk. Så det er stas både for oss og dei.

Det er FAU ved Midtigrenda barnehage som står bak arrangementet, og Line Todalshaug og Jorid Johansen Aarvåg tykkjer Rosarussedåpen er ein fin måte å takke av dei eldste barnehageungane på.

– Sjølv om russedåpen er ei enkel markering, der dei får russelue og is, tykkjer vi det er ein fin tradisjon og ein artig måte å markere at tida i barnehagen nærmar seg slutten. Og sidan vi no har gjort dette i fleire år, har ungane sett at dei eldre har vore gjennom denne dåpen. Dermed har det vorte noko alle gler seg til, seier FAU-representantane.

Etter sjølve dåpen, der rosarussen fekk seg ein liten sprut med vatn med konditorfarge, vart russen med barnehageungane på utandørs diskotek. Der stod musikk og utdeling av is og russekort på agendaen.
 

Fornøgd rosaruss

Rosarussen sjølve var delte i synet på kva dei tykte var artigast.

– Å møte russen var det gauaste, seier Elijah Larsson.

– Eg tykte å få is var gauast, skyt Vida Sæther inn.

Og på spørsmål om det var artig eller ekkelt å få vatn og konditorfarge i ansiktet, var ungane av litt ulik oppfatning.

– Det var det som var det gauaste av alt, slår Luna Holten Arnestad inn, og ho får raskt støtte av Ellen Helgetun Schei:

– Ja, det var kjempegøytt!

– Eg tykte det var itt ekkelt, seier Elijah Larsson, og ler.

Ungane fortel stolte at dei har møtt russen før, og Luna fortel at ho har fått sju nye russekort i løpet av markeringa i barnehagen.

– Kva russ er det de tykkjer er artigast då - raud, blå eller svart?

– Svart! Og blå...og raud! Ellen Helgetun Schei klarar ikkje heilt å bestemme seg, og bestemmer seg til slutt for at ho likar alle like godt.

– Skal vi sjå, seier Luna, og ser på russekorta sine:

– Svart og blå er gauast!

690 IMG_0116
Vida Sæther
690 IMG_0117
Elijah Larsson
690 IMG_0125
Maja Kristine Ansnes Moe
690 IMG_0132
Maja Kristine Ansnes Moe
690 IMG_0136
Luna Holten Arnestad
690 IMG_0140
Luna Holten Arnestad
690 IMG_0148
Ellen Helgetun Schei
690 IMG_0149
Ellen Helgetun Schei
690 IMG_0152
Jakob Strand
690 IMG_0153
Jakob Strand