
Stor dag på Mo oppvekstsenter
I dag vart det gjort stas på elevane ved Mo skule. Skulen vart nyleg kåra til beste skule i Skolesvømmen i kategori A, skular med opp til 49 elevar. I dag fekk skulen besøk av symjelærar Rune Larsen frå Norges Svømmeforbund. Elevrådsleiar Kevin Kvande Mauset mottok ein flott pokal på vegne av heile skulen, i tillegg fekk alle elevane diplom.
Etterpå vart det feiring med bakels til heile gjengen. Det var med andre ord stor trivsel på Mo i dag. Og det er ikkje over med dette. Alle ved Mo skule gler seg til hausten, for da kjem det ein symjar frå landslaget på besøk.

Sjå også heimesidene til Mo oppvekstsenter

.png)

