Stor andel søker studiespesialisering
Førsteinntaket til vidaregåande opplæring er no klart. Rektor Mons Otnes ved Surnadal vidaregåande skole fortel om ein klar tendens, etter at om lag 250 elevar har fått tildelt skuleplass ved skulen.
– Det som er spesielt i år er at det er ein stor andel VG1-elevar som søker studiespesialisering. I fjor var det vesentleg større andel som søkte seg til yrkesdag, seier rektor Otnes, og legg til:
– Av om lag 250 inntekne elevar med ungdomsrett har nesten 50 søkt førsteåret studiespesialisering. Det er den tydelegaste tendensen vi ser av tala.
I fjor starta Surnadal vidaregåande skole året med rundt 260 elevar. Otnes reknar med at talet kjem til å verte noko høgare i år.
– I tillegg til førsteopptaket kjem det jo nokon som no står på venteliste og nokon som har søkt i fleire fylker. Så i grove trekk ser det ut til å vere eit normalår, men med større andel på studiespesialisering. Det er og stor søknad på allmennfagleg påbygging, seier rektoren.
Søkartala er gode og til VG1 Bygg- og anleggsteknikk, som i fjor ikkje vart starta opp, grunna for få søkarar den gongen.
9628 med tilbod om plass i Møre og Romsdal
I ei pressemelding fredag melder Møre og Romsdal Fylkeskommune følgjande om førsteinntaket:
"9628 søkarar har fått tilbod om plass i førsteinntaket til dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal for skoleåret 2019/2020. I førsteinntaket er det nesten berre søkarar med ungdomsrett som har fått tilbod. Fristen for elevane å svare på om dei vil ha plassen er 12. juli.
Etter førsteinntaket er det 184 søkarar med ungdomsrett som ikkje har fått plass på Vg1, 48 med ungdomsrett som ikkje har fått plass på Vg2 og 17 som ikkje har fått plass på Vg3. Det er samla færre enn i fjor, mens det i år er fleire på Vg1 som ikkje har fått eit tilbod i førsteinntaket.
Andreinntaket blir køyrt i august
- Av erfaring veit vi at ein god del av dei som står på venteliste vil kome inn når andreinntaket blir køyrt ca. 2. august. Vi vil passe på at alle søkarar med ungdomsrett får skoleplass til skolestart. Andre søkarar får ikkje tilbod før alle med ungdomsrett har fått ein skoleplass, seier fylkesutdanningssjef Erik Brekken.
Det er ventelister for å få plass på fleire av Vg1-tilboda. Det gjeld mellom anna teknikk og industriell produksjon, naturbruk samt helse- og oppvekstfag.
Formidling til læreplass
Det er 1264 søkarar til læreplass, og ved utgangen av juni er det 824 søkarar som har fått læreplass. Dette er ei auke frå same tid i fjor. Delen av søkarar som har fått læreplass er jamt fordelt på dei fleste faga. For søkarane til fagopplæring held formidlinga fram til 1. november, seier Brekken."
Foto: Mons Otnes (arkivfoto).