lupine-1437873_1280_1024x682

Fylkesmannen melder:

Stopp rømlingane

Framande, svartelista planteartar er ein viktig årsak til tap av naturmangfald i norsk natur. Mange av dei svartelista plantane er "rømlingar" frå hagane våre, derfor blir dei ofte kalla hagerømlingar.

Artane blir lett spreidde til nye område, og når ein skal fjerne dei ifrå eigen hage, er det viktig å passe på at dei ikkje ender opp hos naboen eller i naturen.

Svartelista artar
Mange framande planteartar utgjer ein risiko for norsk natur. 217 av dei har så stor risiko at dei er sett opp på Norsk svarteliste. I 2016 fekk vi ei ny forskrift om framande organismar som skal bidra til å hindre vidare spreiing av dei mest skadelege artane. Fleire av dei svartelista artane er det no ulovleg å kaste i naturen eller å bevisst plante ut. Hageavfall som inneheld svartelista planteartar skal alltid leverast til godkjent avfallsmottak. Dei svartelista artane må sorterast ut frå det andre hageavfallet. Hageavfall skal uansett aldri dumpast i naturen! 

Les meir om kva for artar det gjeld på Fylkesmannen i Møre og Romsdal si heimeside