Største lokallag i landet
Norges Bygdeungdomslag har i dag 6.293 medlemmer – eit tal ein må tilbake til 1995 for å finne liknande til i organisasjonen. Med unntak av 2009 har organisasjonen hatt ein auke i medlemstalet kvart år sidan 2000, noko lagsutviklingsleiar i NBU, Ola Skrivlien Venås, er godt nøgd med:
– Det er veldig moro at organisasjonen veks også i 2013. Å halde ved lag medlemstalet i ungdomsorganisasjonar er vanskeleg nok, men NBU har fått til vekst fleire år på rad.
Største lokallag er Surnadal Bygdeungdomslag med 291 medlemmer, følgd av Voss med 232 medlemmer og Gausdal med 185 medlemmer.
Les heile artikkelen i Nationen HER.