
Sterk og varm julekonsert
Det er turneen Levd liv med artistane Elias Akselsen, Børge Pedersen, Betty Johnsen og velkjente Tone Søyset Døving Gerd Ingrid Kvendset presenterer på denne måten. Konserten er den einaste i sitt slag. Det er nemleg berre på konserten i Stangvika at Tone Søyset Døving deltek. Tone er også spesielt aktuell akkurat no, ettersom ho kjem ut med ny CD-singel med tre songar før jul. Alle songane har tilknytning til Nordmøre og heimbygda Todalen, og alle vil bli framført for første gong under konserten i Stangvik kyrkje.
Dei tre andre artistane er kanskje ikkje så kjente for det lokale publikummet, men dei er alle anerkjente artistar. Dei har også ein bakgrunn som gjer at dei i høgste grad er i stand til å gi innhald til nettopp tittelen "Lev liv".
Trubaduren Elias Akselsen tilhøyrer taterfolket, og blir rekna som Norges fremste tolkar av songtradisjonen til den nasjonale minoriteten. Akselsen er utnemnt til statsstipendiat frå 2010. Saman med familien vart han utsett for forfølging av myndigheiter og kyrkja. Som tenåring reiste han derfor til Sverige, der han vandra store delar av 1960- og 70-åra. Her samarbeidde han bl.a. med trubadurane Cornelis Vreeswijk og Fred Åkerström. Han vendte likevel tilbake til Norge og starta ei omfattande tradisjonsformidling, bl.a. med kritikarroste plateinnspelingar.
Betty Johnsen vart allereie som 15 åring kjent som Bergens punkdronning. Betty Johnsen har gjennom personlege tøffe nedturar tileigna seg ei sterk livserfaring. Som ung, opprørsk og politisk engasjert 19- åring vart ho hekta på dopbruk, hamna i fengsel og etter kvart i kollektivt opphald for avrusning. Seinare i livet vart ho også ramma av kreftsjukdom, ei sterk og følelsesmessig livserfaring som ho har lagt bak seg, men som ho med stor styrke og ny livsenergi bruker til å hjelpe andre medmenneske som har hamna i tilsvarande livskrisar. I 2009 gav ho ut sin første solo-CD, Svart Natt . I 2010 kom oppfølgjaren Brenn Hexen, og no i september 2011 gir ho ut minialbumet Babe Gone WiId med 6 låtar.
Børge Pedersen har markert seg i trøndersk musikk-/ og teatermiljø dei siste 20 åra som ein dyktig songar som ”gir alt”, og som ein levande skodespelar og cabarét-artist. Han hadde rolla som Pontius Pilatus i ”Jesus Christ Superstar” på Trøndelag Teater i 2000. Han har vore med i fleire Cornelis Vreeswijk forestillingar, og hadde mellom anna på Teaterkafeen i Trondheim ei oppsetjing saman med Erik Jacobsen og Øyvind Brandtzæg. Han har også vore med i bakgårdsoperaen ”Bakklandets vakre Maja” i fleire år. Børge har oversett fleire av Cornelis Vreeswijks mest kjente låtar til trøndersk, og gir ut ei soloplate med dette stoffet på våren 2012.
Fakta: Stangvik kyrkje søndag 11. desember kl. 17.00. Billettar kr. 270,- på www.billettservice.no og ved døra.