klassequizen 1 Foto OM Aasen

Sterk innsats av Surnadal i Klassequizen

Måndag ettermiddag høyrde vi laget fra Surnadal ungdomsskule i Klassequizen på distriktssendinga til NRK Møre og Romsdal. Surnadalingene fekk 10 poeng i konkurransen, og det betyr at dei er heilt oppe i leiinga saman med Vatne ungdomsskule når snart halvparten av skulane har vore på lufta.

Det er Erik Kårvatn, Synnøve Aukan Meisingset og Amund Pihl Strand som er med på Surnadal sitt lag i år.

Du kan lese meir om Klassequizen på NRK Møre og Romsdal sine nettsider. Du kan og høyre sendinga der dersom du gjekk glipp av den.

Surnadal var nummer 16 av i alt 34 skular som er med i Klassequizen i Møre og Romsdal i år. Før sendinga måndag låg Vatne ungdomsskule best an i konkurransen, med 10 av 12 moglege poeng. Surnadal fekk òg 10 poeng, og er no oppe i leiinga saman med Vatne.

Vi gratulerer Surnadal ungdomsskule med imponerande innsats i quizen!

Fylkesfinalen i Klassequizen blir sendt direkte frå Ålesund onsdag 13. mars, og den nasjonale finalen blir sendt på NRK1 over fem laurdagskveldar f.o.m 13. april. 

Rindal ungdomsskole er ikkje med i Klassequizen i år. 
 

Bildet: På opptak hos NRK i Kristiansund. F.v. Roar Halten (NRK), Erik Kårvatn, Synnøve Aukan Meisingset og Amund Pihl Strand. (Foto: Ove Magne Aasen)