Stavgangtur til Sjøasetervatnet
Torsdag den 6. august var stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag på tur til Sjøasetervatnet. Tor Magne Halset hadde ordna med skyss, og han var sjølv sjåfør på bussen og fortalde heile vegen om plassane vi køyrde forbi, ma. om fiske i Karlvika og om opphavet til Eilertholet.
Torild hadde drege opp på hytta i førevegen og tok imot oss oss da vi kom fram til ”brua” straks før vi nådde hytta. Framme ved hytta skunda ho seg staks inn og kom ut att med kaffe og ei kjempegod sjokoladekake og spanderte på oss alle saman.
Etter kaffepausen valde ein del å bli sitjande og nyte sola i det fine vêret, medan andre gjekk bort til Sjøasetervatnet, besøkte hytta til Lisbet og Andreas Holten eller tok ein tur opp på Bollåthaugen. Alle fekk vi ein kjempedag!
Tusen takk til både Torild og Tor Magne for at de gav oss ein så vellukka stavgangtur!
Neste torsdag, den 13. august, møter vi ved Kulturhuset på Skei kl. 8.30 og køyrer til hytta til Olina Halle ved Tovatna i Storlidalen. Middag får vi på hytta, men ta med niste til kaffepausane og sitteunderlag. Fotty: Joggesko.
Vi brukar eit kvarters tid på den hellelagte stien som går frå parkeringsplassen på Langåsen opp til Sjøasetervatnet. Hyttefolket har gjort eit imponerande arbeid med å legge ut 800 store steinheller langs stien, slik at vi kan gå tørrskodde og i joggesko i allslags vêr og føre så lenge det ikkje er snø.
Vi har kome fram til den fine og romslege hytta til Tor Magne og Torild Halset.
På turen langs Sjøasetervatnet ser vi restane etter ei gammel sluse. Follerø hadde nemleg eige kraftverk som dreiv sag og høvel, men til langt ut i 1950-åra var det vasskrafta som dreiv mellombladet på saga. Vasskrafta vart teken frå Sjøasetervatnet, og kvar morgon måtte slusa opnast for å gje vatn til å driva mellombladet før arbeidet starta kl. 7 om morgonen. Vatnet brukte ein time på vegen ned til Follerø, og når arbeidsdagen var over, måtte slusa stengast igjen. Fredrik Sjøflot og Leiv Strand var mellom dei ungdomane som hadde denne jobben.
Odd Enge, Anders Sæter, Oddbjørg Einmo, Per Bruset og Irene Kvande ved hytta til Lisbet og Andreas Holten ved Sjøasetervatnet. I bakgrunnen ser vi Bollåthaugen.
Oddbjørg Einmo gir ”geita” gras.
På tilbaketuren til hytta oppdagar vi Knut Stavik, som nett har festa torvhaldarane og er klar til å legge torv på gapahuken. Dette er første bygget til Sjøaseter Villmarkcamp, som arbeider for å få fleire til å dra opp i dette fine terrenget mellom Langvatnet, Sjøasetervatnet og Syltnebba. Nokre stiar i området er alt merkte, og fleire skal det bli.
Fire som var med opp på “Bollåthaugen” opp for Sjøasetervatnet (Foto: Reidar Østvik).
Herleg utsikt fra toppen. Ser også Tustnastabbane (Foto: Reidar Østvik).
Hunden Runa og Reidar Østvik har nett kome attende frå Bollåthaugen. Her sit Reidar og slår av ein prat med Lars Magnar Bævre. Medan flesteparten har hatt bilskyss opp på parkeringsplassen på Langåsen, har Lars Magnar gått frå Vang i Røgrenda ovafor Kvenna, gått innom Stikk Ut-posten på Strengen, turorienteringsposten på Haugastrengen og har no kome ned til hytta ved Sjøasetervatnet.
Gunnhild og Tor Mogstad ber med seg stolane og tek på heimveg.
Tekst og foto: Vidar Sogge