9

Stavgangtur til Sjøasetervatnet

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag startar torsdag opp etter sommarferien og køyrer utover mot Torvika og parkerer på Sjøaseter. Ein person står nede ved vegen og viser parkering. Den som vil gå heile strekninga opp til Sjøasetervatnet (60-90 min.), startar kl 12:30. Har du bil med 4-hjulstrekk eller bakhjulstrekk, køyrer du opp (bompengar bil: 50 kr); men vil du heller ta bussen, kostar det 20 kr tur/retur. Fottur for alle den siste biten opp til vatnet (15–20 min.).


Vi samlast og et nista ved Sjøasetervatnet, ved hytta til Torild og Tor Magne Halset. Ta med sitteunderlag.

Skjermbilde 2014-08-05 kl. 10.58.22.pngBilde: frå ein tur stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag hadde til Vindøldalen i 2009. Frå venstre ser vi Per Bruset, Bjørg Bruset, Ottar Halle, Odd Enge, Jon Bævre og Harry Skrøvset som står og beundrar den store Breiskartolla. Den 28. august blir det reprise på denne turen.
































Terminliste 2. halvår 2014

7. august: Sjøasetervatnet. Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag startar torsdag opp etter sommarferien og køyrer utover mot Torvika og parkerer på Sjøaseter. Ein person står nede ved vegen og viser parkering. Den som vil gå heile strekninga opp til Sjøasetervatnet (60-90 min.), startar kl 12:30. Har du bil med 4-hjulstrekk eller bakhjulstrekk, køyrer du opp (bompengar bil: 50 kr); men vil du heller ta bussen, kostar det 20 kr tur/retur. Fottur for alle den siste biten opp til vatnet (15–20 min.). Vi samlast og et nista ved Sjøasetervatnet, ved hytta til Torild og Tor Magne Halset. Ta med sitteunderlag

14. august: Sollia. Køyrer i retning Halsa, passerer krysset ned til Bøfjorden og svingar straks etter av ved skiltet Solemdalsslettet. Følgjer denne vegen til Sollia. Ein person står ved vegen og viser parkering. Marsjen blir ein rundtur om Sollia til Haugaskarvatnet, Bjønnastøtta og ned Gammelvegen til Sollia att.

21. august: Austre Nordmarka. Frammøte på nordsida av Dønnembrua, betaler 50 kr i bompengar og køyrer samla opp Dalseggvegen til parkerinsplassen. Turen går til Krokvatnet eller Salvatnet. Matpausen blir ved hytta til Ingolf Dønnem.

28. august: Vindøldalen. Frammøte ved bommen på Holtamoen og køyrer samla til Vindøldalen. I Vindøldalen går marsjen enten mot Vassdalen/Fagerlidalen eller Breiskarsetrene og Breiskartolla.

4. september: Svorka. Køyrer oppover til Sæterbøen i Bæverdalen. Ei vakt står nede ved vegen og viser kvar du skal svinga av til Svorka. Turen går frå Svorka til Bjorvollen.

11. september: Bruset/Høyem/Halanesset. Frammøte og parkering ved fjøset på Bruset i Todalen. Marsjen går langs elva, over "Phillips-brua og med retur om Hallanesset og over "Hengebrua". Matpausen blir ved Gapahuken i Fosstrøå.

18. september: Kvenndalen. Frammøte ved parkeringsplassen til Kvenndalsvegen. Der organiserer vi oss i færrast moglege bilar og køyrer samla til gapahuken i Kvenndalen. Marsjen går vidare innover dalen.

25. september: Søyset. Køyrer over Søyabrua på Kvanne og parkerer ved fotballbanen. Marsjrute forbi Søysetgarden og vidare i retning Mulneset.

2. oktober: Torvika. Vi møtest hos Randi Lysø i Nestua i Torvika. Nokon vil stå ved vegen og vise parkeringsplass. Marsrutene går mot Storhaugen (Randi leiar an) eller fyrlykta. Vanleg niste og utrusetning.

9. oktober: Skisenteret/Vang. Frammøte ved skisenteret på Vang i Røgrenda. Dette blir haustsesongens og årets siste marsjarrangement. Etter marsjen blir det servert graut og bakels. Alle tek med drikke.

Frammøtetid for alle turar når noko anna ikkje er varsla er kl. 13:00.