14 hardhausar møtte til stavgang
Stavgangtur til Grantrøinn i Stangvika
Torsdagen den 2. mai var det varsla storm og store snømengder, - ikkje særleg lokkande for den som skulle på stavgangtur!
Heile føremiddagen lava snøen ned, og den kraftige vinden peip rundt novene og fekk dei store trea til å svaia. Det blir nok ingen som møter på stavgang i dag, nei!
Men i 12-tida, ein time før start, stilna stormen, snøveret gav seg og sola viste seg på himmelen! 14 hardhausar møtte til stavgang, langt over det ein kunne venta slik som vêret hadde vore på føremiddagen.
Vi køyrde samla frå Bonhuset til Bøkeskogen, og gjekk derifrå til vi møtte Gammelvegen mellom Røen/Vang og Stangvika. Nede ved Lerbrua fekk vi sjå både lama og ein sau som heldt på å få lam.
Vi avslutta turen oppi Bøkeskogen, der vi vart godt mottekne av fam. Bruset og Torvik med pølser m/lompe! Kjempeflott!
Mange takk til ”kokkane”, Matkroken ved L. Hals i Todalen, som også denne gongen hadde sponsa pølsene, og til stangvikgardingane, som let oss få bruka den fine uteplassen i Grantrøå.
Da vi kom fram til Bonhuset, hadde det slutta å snø, men framleis var det sterk vind og store bølgjer.
Vi passerte parti med fin, gullbrun mose i nyfelt granskog.
Da vi kom til krysset mot Gammelvegen, kom vi til ei oppslagstavle som fortalde historia til dette området,
Oppslagstavla viste m.a. eit bilde av ein høystakk –
– og eit følgje med høydragarar.
Vi går ned Gammelvegen.
Nede ved Lerbrua står ein lama som held vakt ved ein sau som held på å få lam.
Når vi nærmar oss Grantrøinn, legg Martinus og Per pølsene på rista i bålpanna –
– så når vi kjem fram, er pølsene klare til servering!
Påsmurt niste og pølser smakar godt ute på benkene –
– og inne i løa.
Ved uteplassen har Brit og Ingrid funne to kjemper, ei lerke og ei bøk!
Alle foto: Vidar Sogge.
Neste stavgangtur blir den 16. mai, da med frammøte ved Folkets Hus. Marsjen går i området Hammaren – Aunet nord for Folkets Hus.