Stavganggruppa "Trollheimen rundt"
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag arrangerte "Trollheimen rundt" med middag på Gjevilvasshytta og kafferast ved dammen på Granasjøen laurdag 31.august. Tross berre så høveleg turver fekk vi godt innblikk i og utsyn over dei største hovudvasskjeldene til både "Driva" og "Svorkmo" kraftverk. Dessuten; på Gjevilvasshytta meska vi oss med ein treretters middag.
Vi fikk servert reinskalv og alt det gode som høyrer attåt samt kaffe og dessert. Der vart også soga om todalingen fortalt, som meinte han la ned ei steik i sin nye frysar og seinare, da det drog ut med å få pakken hard, måtte konstatera at det var ei særleg lodden skinnhuve som låg der.
Ved Granasjøen vart Brit, Grete og Lisbet sin bakst bydd rundt og gjekk unna. Veret hindra dei lange marsjane, men Per losa dei ivrigaste eit stykke på vegen mot Jøldalshytta og Ingrid, snart 93 år var ein av dei ivrigaste. Det var forresten berre så vidt at todalingane kom med på turen, da hard vind hindra bilferga "Førdefjord" å leggje til ved Sandkaia, men rik på sjøtransportalternativ som bygda for tida er, køyrde vi berre over til Nessakaia og vart derifrå skyssa med "Tollesund" til Svinvika og vidare inn på vegnettet. Buss-sjåføren vår, i år som i fjor, var Sverre Kjølstad. Trygg og sikker, også som fotograf. Takk for laget til alle 37 som deltok.
Martinus Torvik
Styremedlem i Pensjonistlaget