Stavganggruppa til Austre Nordmarka i utrygt vér
Torsdag 21. august møttest 26 stavgangarar frå Surnadal Pensjonistlag på Nordsida av Dønnembrua, køyrde opp Dalseggvegen og parkerte i nærleiken av hytta til Ingolf Dønnem.
Marsjruta var utover Nordmarka til Krokvatnet, og merkeleg nok heldt vêret seg til vi mest var komne attende til hytta før dei første regndropane dala ned i hovudet på oss. No var det tid til å finna fram nista, og medan ein del valde å gå inn i den varme hytta eller Kårstua, valde andre å sitte på ein av dei store verandane.
Trass i utrygt vêr med skodde langt nedover dalsidene, var det 26 deltakarar som møtte på denne turen. Godt gjort med dei vêrmeldingane! Men alle visste nok at når vi skulle til Ingolf Dønnem, var det ingen grunn til å vera redd for at det skulle bli kaldt. Som vanleg hadde han alt fyra i fleire timar både i hytta og Kårstua før vi kom, så det var ingen grunn til å frysa om vi skulle bli våte.
Takk til Ingolf Dønnem, som tok imot oss i den flotte, romslege hytta si på Austre Nordmarka og til kjentmannen John Dønheim, som fortalde om alle dei stadene vi passerte på turen.
Neste veke går turen til Vindøldalen. Vi møtest på Holtamoen kl. 13.00, betalar bompengar (60 kr) og samlast i færrast muleg bilar før vi køyrer opp til Vindøldalen og hytta til Randi og Vidar Sogge. Hytta blir utgangspunktet for turen, og maten tek vi på hytta.
Vi gjekk frå hytta til Ingolf Dønnem og til Krokvatnet. Her har vi kome fram til Krokvatnet.
Inger Sogge, Randi Sogge og Aslaug Hunnes har funne seg plass inne i hytta, for her har Ingolf fyra i fleire timar, så no er det varmt og godt.
Mary Dalsegg, Odd Enge og Karl Sogge ute på verandaen.
Her ute finn vi òg Olav Ranes, Per Bruset, Lisbet Ranes og Bjørg Bruset.
Tor Mogstad, Gullborg Kvande, Margrete Rø, Jorunn Bævre, Lars Magnar Bævre, John Dønheim og Sigrun Ørsal på verandaen framfor Kårstua.
Her ser vi John Dønheim, Sigrun Ørsal, Inger Øye, Mali Sæther, Olav Øye og Ingolf Dønnem.
Heile ”gjengen” samla framfor Kårstua før vi tek på heimtur.
Neste veke går turen til Vindøldalen. Her prøvegår Per Bruset, Bjørg Bruset og Vidar Sogge ruta for dagen. Foto Randi Sogge.
Tekst/foto: Vidar Sogge