Stavgang frå fotballbanen til IL Søya til Mulneset
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag møttest torsdag 25. september ved fotballbanen til IL Søya for å gå til Mulneset, ikkje langt frå der flytebrua frå Røkkum etter plana skal koma i land på Kvennasida.
Etter returen frå Mulneset vart det matpause ved Søyabanen.
Neste veke, torsdag 2. oktober, møtest vi hos Randi Lysø i Nestua i Torvika. Turen går etter eigne ønske mot Storhaugen eller fyrlykta. Vanleg niste og utrustning.
Søyset vart lagt ut til embetsgard i 1814. Det er sagt at dei rundt 1860 hadde så mykje skog at dei kvar vinter brukte 6 hestar til å køyra ut tømmer frå garden, derfor kunne dei reisa denne staselege gardsbygninga.
Langs vegen opp frå Søyset blir vi minte på om førsøket på gruvedrift, som eit engelsk firma gjorde tidleg på 1900-talet.
God sikt utover Stangvikfjorden og Kvenna frå Mulneset.
Matpause ved Søyabanen med Pestutrøa bustadfelt i bakgrunnen.
Tekst og foto: Randi og Vidar Sogge.