skulevegen til Flessa_1024x683

med premiering av fjorårsinnsatsen

Startar ny trimsesong

Bæverfjord i.l. minner om at det no er på tide å starte sommartrimsesongen igjen, anten ein foretrekkjer turar til fots eller på sykkel. Sykkeltrimmen har allereie starta, og den første fellesturen til fots går til Baklisetra måndag 13. mai. I samband med denne turen vil det også bli premiering av innsatsen i fjor, og alle som har gjort seg fortent til utmerkelsar, blir derfor oppfordra om å delta.

skulevegen til Flessa_715x477.jpg

Dei turstiane som ligg lågast i terrenget, er no frie for snø, og det er fullt muleg å starte trimsesongen. Her frå Trodalsstien. Foto: Norunn Holten

Fjelltrimmen går etter tradisjonelt opplegg også i år, men det er nytt opplegg for sykkeltrimmen. Det var start allereie 1. mai, men det er sjølvsagt enno ikkje for seint til å bli med på opplegget- som forresten er svært enkelt: Det er plassert ut tre postkassar med sykkeltrimbok på forskjellige plassar i bygda, slik at flest muleg har ein kasse i nærområdet sitt. Ein kasse vil stå ved Kraftstasjonen, ein ved Flessen hyttesenter og ein attmed grinda ved Hyllrabben. Idrettslaget oppfordrar alle, både medlemmer og andre, om å finne ein trimkasse og ein trimtrase’ som passar for seg- avhengig av bustad og form! Postkassane blir ståande fram til 1. oktober, og alle som noterer namnet sitt i trimbøkene, vil vera med i trekkinga av mange gaue premiar etter sesongslutt. Kvar oppføring i sykkeltrimbøkene tel, og kvar ekstra oppføring gir større vinnarsjansar!

 

For dei som foretrekkjer å gå på tur, startar sesongen måndag. Da går første fellestur til Baklisetra. Det blir felles avgang frå Geilen alt klokka halv seks, slik at det skal vera nok tid til at også dei minste kan vera med. Etter turen blir det stopp på Geilen der det blir utdeling av krus og gullmerke til dei som gjorde seg fortent til det etter sommaren 2012. Det blir gratis kake og kaffe eller saft til alle som blir med på turen. Dei som ikkje vil gå akkurat denne kvelden, kan møte berre til premieutdelinga ca kl. 19.00.

 

Idrettslaget har lagt opp eit familievennleg program for sesongen vi no går inn i. Det er prioritert korte turar slik at også dei yngste kan vera med. Kanskje kan det også bli ein ny start for dei som ønskjer å koma i gang med eit meir aktivt liv? Idrettslaget ønskjer alle hjarteleg velkomne til å delta!