Stangvik Jentekor øver Kardemomme

Med roller frå «Kardemomme By» og «Hakkebakkeskogen» satsar Stangvik Jentekor på Egner-program denne våren. Øvingane er i startfasen - og det er plass til fleire aktørar.

Stangvik-jentene vil gi liv til Tante Sofie, Politimester Bastian, Kasper og Jesper og Jonatan, Bestemor Skogmus, Bakarmester Harepus og andre festlege typar utover vinteren. Og nye songglade barn kan melde seg på. Neste øving er tysdag 17. februar på Stangvik Oppvekstsenter.

Barnetimeonkel Thorbjørn Egner har skapt mange flotte figurar i norsk barnekultur. Jentekoret vil laga «Kardemomme-fest» med mange frå hans festlege persongalleri  på scena denne våren.

Stangvik Jentekor KARDEMOMME a.jpg
Kirsten Marie, Elise og Mette gler seg på å framstille folk og røvarar frå Kardemomme by.

Stangvik Jentekor KARDEMOMME b Arkivfoto.jpg
Stangvik Jentekor inviterer fleire til å bli med på Kardemomme-programmet.


Innsendt av Bernt G Bøe