Stabbrenn i to utgaver

Området rundt Snausen og Snausstabben på grensa mellom Rindal og Meldal har stor befolkningsauke i påskeferien. Det har ført til to Stabbrenn i området. Det er trivelege sosiale tiltak med litt konkurransepreg.

Stabbrennet ved Skarløa

Stabbrenn nr.8 Bente Elshaug.jpg
Langfredag vart det 8. Stabbrennet arrangert ved Skarløa nederst i Skaret. Det er eit uhøgtideleg arrangement for store og små.

Nedafor er det bilde derifrå.

29749130_885894711593452_1206279150_o-001.jpg
29831572_885894761593447_1201403969_o.jpg

IMG_6878.jpg

Stabbrennet i Snausen

Påskelørdag gjekk det tradisjonsrike Stabbrennet i Snausen av stabelen. Det har historie heilt tilbake til 1957 da Even Landsem og Oskar Huseby arrangerte det første Stabbrennet i Snausen. Begge hadde hytte der, og dei ønska å skape eit aktiviseringstilbod til dei andre som ferierte på hyttene sine i Snausen-området.

IMG_6875.jpg
Stabbrennet i Snausen er framleis eit familievennleg arrangement på seterstølen i Snausen. Det er eit 1 km langt skirenn som du går på eigenbestemt idealtid, du bestemmer tida du vil gå på, og så prøver du å gå rennet akkurat på den tida.

Stabbrennet samla mykje folk frå hyttene og frå bygdene Rindal og Meldal. I 1964 var det 94 namn på deltakarlista. I avisa Sør-Trøndelag stod det i referatet fra Stabbrennet 1979 at Harald Solvik gjekk på akkurat den tida han sette. Eli Solvik og Gerd Kjøsnes var 1,5 sek unna tidene side i dameklassen.

Her er det premiering også, uttrekkspremier og poeng som gir napp i vandrepokal i sølv til dei 6 beste.

I det 44. Stabbrennet siden 1960 var det 36 deltakarar, melder Johan Landsem.

IMG_6901.jpg
Lars Ole Løseth og Inger Landsem Grøseth delte seieren 1,2 sek. fra oppsatt tid. 
Hedda H. Grøseth vart nr. 3 med 1,6 sek og Edith Landsem nr. 4, 1,8 sek. unna den tida ho sette opp. Heiki Haugland har 20 p i kampen om vandrepokalen som ein må ha 28 p for å vinne til odel og eige.

Alle bilda er frå arrangørane!