Ståande applaus for «Give me 5»
Eitt av dei årvisse høgdepunkta i Surnadal kulturhus er når 5. klassingane i kommunen inntek Storstua saman med erfarne og kjente artistar. Dette spennande scenesamarbeidet mellom vaksne og barn har gjennom ei årrekkje vist seg å vera ei suksessoppskrift - og årets konsert var ikkje noko unntak!
Denne gongen var det Henning Sommerro, Anne Klevset, Torgeir Leivdal og Torgeir Bitnes som fekk dele scenen med 5. klassingane, og både artistane på scenen og publikum i salen var einige: Dette funka godt!
Ei fullsett storstue fekk torsdag kveld vera med på ei vel timelang reise til våre musikalske røter både nasjonalt og lokalt. Henning Sommerro leia forestillinga med stø og rutinert hand, og sørga også for små, humoristiske drypp i kjent stil undervegs. Kanskje var dette grunnen til at kjemien mellom små og store artistar var så god, og at samarbeidet dei imellom fungerte så godt?
På repertoaret i år stod tradisjonsmusikk og musikk frå Nordmøre: Ei lett blanding av litt nytt, litt gammelt, noko velkjent og noko litt mindre kjent. Gamle klassikarar som «Kjerringa med staven» og «Kråkevisa» hadde her ein naturleg plass, men også meir lokal tradisjonsmusikk vart framført, som t.d. Bruramarsj frå Todalen. Tekstar av Hans Hyldbakk og Jørgen Gravvold fekk dessutan breid plass. Mellom desse var kjente godbitar som «Svarrabærje», «Vårsøg», «E slåttatæja» «Ita kvitlauk» og «Bøverdalsrock». Det vart også framført tekstar og musikk av Ingeborg Glærum Solem, den eine teksten tonesett av Henning Sommerro, og eit par tekstar av Edvard Hoem.
Etter forestillinga fekk artistane ståande applaus, og skryt og takk frå både oppvekstsjef Astrid Mogstad Høivik og kulturleiar Lilli Husby. Som takk frå kommunen fekk elevane film og popcorn på Kulturhuset, noko som vart godt motteke av elevane. Vi fekk også vita at dei som gjekk glipp av forestillinga denne torsdagskvelden, vil få ei ny mulegheit til å høyre dei dyktige ungane seinare. Dei er nemleg inviterte til Vårsøghelga, og skal delta på eit arrangement i Svinvika 27. mai.
Bilda nedanfor er frå både siste finpussen før forestillinga og sjølve framsyninga i Storstua.