Spreke surnadalsjenter
Søndag var det jentene fra Surnadal IL som gledde oss mest med gode resultat, men fleire av dei andre lokale deltakarane gjorde det også riktig bra.
Igltjønna Skistadion klar for skiatlon!
Duatlon – skibytte, betyr at dei først gjekk klassisk – med smøreski, og så bytte dei til skøyteski på andre halvdelen av løypa. Skibytte var obligatorisk. Ein løpar vart diska for å ha gått med skøyteski heile løypa.
Surnadalsjentene Ane Mogstad, nr. 3 kl. K 19-20, Malin Einmo, nr. 2 kl. K 19-20, Ragnhild Mogstad, nr. 1 kl. K 19-20 og Alise Einmo, vinnar Kvinner senior.
Det var mykje folk og god stemning på Igltjønna skistadion, både over innsatsen i løypene, og at snøveret tidlegare på morgonen gav seg.
Odd Rune Einmo, med to døtre som deltakarar, representerer alle dei som følgjer med løparane og sørger for så gode ski som muleg.
Det var stor jubel hos Byåsenjentene da desse tre tok dei 3 første plassane i klasse Jenter 13 år:
Frå venstre: Nora Hafsmo (2), Marie Wollan Benum (1) og Juni Hagelid Norheim.
Landsemski
Johan Landsem (over) hadde preparert eit Landsemskipar frå 1985 til Erik Løfald. Det er Gunvor Landsem som brukar skia vanlegvis. Det var bruka i Svenska Skidspelen i Falun av ein landslagsløpar i 1986, og Morten Svinsås vart kretsmester på dei i Selbu. Erik Løfald brukte dei på klassiskdelen i dag og gjekk inn til ein 6.plass og 5.plass i Sparebank1Cup.
Foto: Eli Landsem Solvik og Ole Trygve Foseide.
Resultatlista kan du laste ned her!
Bilda nedafor fortel meir om skidagen, og du finn bilde av fleire av vinnarane., Fleire bilde finn du på Rindal ILs Facebookside!