Spørjeundersøking om skulebibliotek
- Vi veit at forskjellen er stor på skulane rundt om i fylket, det spenner frå velfungerande og ressurssterke skulebibliotektilbod til dei som knapt har eit tilbod i det heile, skriv Norsk bibliotekforening, avd. Møre og Romsdal, i ei pressemelding. I juni sender dei ut ei kort spørjeundersøking til alle grunnskular i fylket, kor dei ynskjer å kartleggje skulebibliotektilbodet.
I Opplæringslova §9-2 står det at
“Elevane skal ha tilgang til skolebibliotek. Departementet kan gi nærmare forskrifter.”
I Forskrift til opplæringslova §21-1 presiseres det at
“Skolen skal ha skolebibliotek med mindre tilgangen til skolebibliotek er sikra gjennom samarbeid med andre bibliotek. Bibliotek som ikkje ligg i skolen sine lokale, skal vere tilgjengeleg for elevane i skoletida, slik at biblioteket kan brukast aktivt i opplæringa på skolen. Biblioteket skal vere særskilt tilrettelagt for skolen.”
Vi veit at forskjellen er stor på skulane rundt om i fylket, det spenner frå velfungerande og ressurssterke skulebibliotektilbod til dei som knapt har eit tilbod i det heile. Skulebiblioteket bør vere ein måte å organisere skulens arbeid med digital kompetanse, kildekritikk, informasjonssøk, eit utvida tekstbegrep og lesing som grunnleggjande ferdighet i alle fag. Skulebibliotek er lovpålagt og vi meiner at ein må sjå på det som ein utvida læringsarena. Ein som kjem i tillegg til klasserommet, på tvers av fag og studieretningar og som heng nøye saman med læreplanane og skulens virksomhetsplan. Og her er det ikkje berre snakk om fysisk boksamling, men og kvalifisert personalressurs til dette viktige arbeidet.
Gode og grunnleggjande lesevaner får ein når ein har eit godt og grunnleggjande tilbod!
Vi håper alle skulane tek seg tid til å svare på undersøkinga, og dei som ikkje har eit reelt tilbod. Resultat vil vi leggje fram på bibliotekdagane i september.
Arkivfoto.