Picasa

Spikarplukking

Har du prøva å plukke opp all spikaren etter husbygging eller reparasjon? På Rindalskjerka vart det siste året gjort storreparasjon på taket, og svært mykje spikar vart liggande rundt kyrkjeveggene. Under årets dugnad på kjerkgarden vart ein nyoppfunne spikarplukkar lansert!

Soknerådsmedlem Johan Helgetun hadde teke utgangspunkt i magnetisme og laga ein enkel, men svært effektiv steinplukkar. Den plukka til og med med seg litt av grusen som var magnetisk! Spikaren er montert" på ei sekketralle/gravsteinstralle ved hjelp av - kva anna - magnetisme!
På bildet ovafor ser vi Jan Brødreskift, nytilsett kyrkjetenar, med spikarplukkaren i bruk, medan oppfinnaren Joha Helgetun følger med.

Ellers var arbeidet på dugnadskvelden tradisjonelt, raking av lauv, kvist og anna rask og oppretting av gravstøtter som hadde vorte skeive i løpet av siste året.

Og etterpå var det sjølvsagt velfortent kaffe og mat!

1-IMGP6659
1-IMGP6662
1-IMGP6671
Linn var dagens yngste dugnadsarbeidar og fekk ansvar for å plukke opp alle vegstikkene som var rundt om på kjerkgarden
1-IMGP6674
Eldste deltakar var Ragna Aune, 7-8 gong så gammel som Linn!
1-IMGP6664
Jan Brødreskift er fornøgd med spikarplukkaren
1-IMGP6667
Apparatet er enelt å demontere og å rense!