bæverfjord-elevar hopp 2 ingress

Spente førsteklassingar starta skulegangen

Måndag var det klart for skulestart i Surnadal kommune. Trollheimsporten var med då ordførar Lilly Gunn Nyheim besøkte første- og andreklassingane ved Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter.

Både førsteklassingar, foreldre og tilsette ved skulane i Surnadal kommune var litt ekstra spente måndag. Då var det nemleg første skuledag - ein merkedag i dei unge elevane sine liv.

Ved Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter vart førsteklassingane Leander Haarstad Bøe, Emrik Haugen Nessæther og Mia Hoås Aarnes godt tekne imot av einingsleiar Arne Henning Johnsen.

Han ønska dei tre velkommen, og elevane fann raskt plassane sine i klasserommet, som dei deler med andreklassingane.

Johnsen, kontaktlærar Irmelin Sande Holtan og engelsk-, musikk- og svømmelærar Elise Kristiane Einum presenterte seg og skulen, før ordførar Lilly Gunn Nyheim fekk ordet.

Nyheim gratulerte både elevar og foreldre med den store dagen, og ønska lykke til med skulegangen. Elevane let seg tydeleg fascinere av det staselege ordførarkjedet, og var heller ikkje tunge å be då ordføraren lurte på kva som var favorittmusikken deira.

– AC/DC og Metallica, kom det lynraskt frå ein av elevane, før fokuset gjekk over til om dei nye viskelæra elevane hadde fått utdelt var spiselege eller ikkje – ja, kanskje det til og med var godteri?

I det nye skuleåret 2019/2020 har Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter totalt 41 elevar.

bæverfjord-elevar hopp 1.jpg
Dei tre førsteklassingane ved Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter på første rekkje, frå venstre: Leander Haarstad Bøe, Emrik Haugen Nessæther og Mia Hoås Aarnes. Bak er ordførar Lilly Gunn Nyheim, saman med andreklassingane Jim Grepstad Bøklep, Bjørn Tore Svensli, Robin Alexander Aasgård Bøe, Ane Viktoria Engset Halle og Sólja Petersen.
 

bæverfjord-elevar hopp 2 690.jpg
 

bæverfjord-elevar hopp 3.jpg
 

arne henning johnsen, første- og andreklassingar.jpg
Einingsleiar Arne Henning Johnsen ønska første- og andreklassingane velkomne. Elise Kristiane Einum (bak til venstre) skal ha engelsk, musikk og svømming med elevane.
 

irmelin sande holtan, lilly gunn nyheim og elevar.jpg
Kontaktlærar Irmelin Sande Holtan og elevane følgjer med på at ordførar Lilly Gunn Nyheim ønskjer velkommen og gratulerer med dagen.
 

lilly gunn nyheim, arne henning johnsen, elise einum og elevar.jpg
Lilly Gunn Nyheim, Arne Henning Johnsen, Elise Kristiane Einum og tre av elevane i den samanslåtte første- og andreklassen.