Sp har grepet på stemmekveget
Rindal Senterpart inviterte torsdag til pressetreff med stortingsrepresentant Jenny Klinge, ordførar Ola T. Heggem og lokalstyremedlemmer på setra til lokallagsledaren, Arild Haugen.
Arild Haugen (i midten) er ledar for Rindal Senterparti, og han har vore gardbrukar like lenge som Jenny Klinge har vore politikar.
Som bonde på bruket han har vakse opp på, har han ikkje auka drifta, slik mange har gjort. Han ønsker tid til litt anna enn fjøset. No driv han eit familiebruk med 25 kyr på bås. Større bruk krev større maskiner, og investeringar, og større jordstykke.
- Det er viktig at smålappane blir drive slik at kulturlandskapet vert halde i hevd, meiner Haugen. Derfor har han ungdyr på beite rundt hyttene og setra, der pressemøtet vart halde. Det er betre enn beitepussar.
Han er også opptatt av at byråkratiet har auka gradvis. Det har slettes ikkje gått ned, slik regjeringa lova. Han har god hjelp av Bondelagets Regnskapskontor til å ta seg av rekneskapen og til å halde seg oppdatert.
Jenny Klinge meiner at ein må akseptere eit visst skjemavelde for å få tildelt dei målretta tilskotta, men alle kontrolloppgavene er lite motiverande. Ho understreka også kor viktig det var med velfungerande kommunal landbruksrådgjeving, slik det er i kommunane her.
Haugen ønsker å ha engasjement utanom sjølve gardsdrifta. Det sosiale er viktig, for bondeyrket kan lett bli einsamt. Han har derfor engasjert seg i hyttenæringa; bygging og litt vaktmestertenester.
Han reknar med at han, sjølv om han er i slutten av 40-åra, kan berge seg fram til pensjonsalderen med slik drift. Arbeidstimar er det ikkje snakk om å rekne på!
Ola T. Heggem peika utover Rørdalen og fortalde at det no er berre ein bonde att i Rørdalen.
- Viss ikkje han kan drive lenger, så gror Rørdalen att, sa han. Han fryktar utviklinga mot for store bruk vil føre til at deler av kulturlandskapet gror igjen. Utmarka må utnyttast betre, og det skjer ikkje med større bruk.
Jenny Klinge understreka at det må bli meir forutsigbarheit for dei som driv i landbruket, for her er det snakk om lang planlegging og store investeringar.
Heggem var sterkt kritisk til endringa av overføringar med ein milliard dei siste åra, noko som har gått på bekostning av dei mindre bruka. Han meiner at Ap har lært landbrukspolitikk av Sp, og viss Sp kjem i regjeringssamarbeid, så kan forholda for dei mindre bruka betrast. Reversering er vanskeleg, men ikkje umuleg.
Mjølkeproduksjonen i Rindal er nokså stabil på 10 millionar liter. Tidlegare var det rundt 100 bruk. No er det 40 – 50 bruk med same mjølkemengd, og mange store, nye fjøs er i bruk.
- Det blir for enkelt når Frp tek æra for satsinga på nye fjøs. Slike anlegg blir planlagt over lang tid, seier Heggem.
Jenny Klinge brenn for Senterpartiet
Jenny Klinge understreka at i Senterpartiet er det kort veg frå grasrota til toppen, frå det lokale til det sentrale.
- I Sp seier ikkje stortingsrepresentantane nei til besøk frå grasrota.
Klinge ville ikkje forlate oss før ho fekk snakke om sentralisering. Ikkje fordi den skjer, men fordi den no er politisk vilja!
- Dei blå-blå har hatt ein målretta politikk på at det skal sentraliserast.
- Om det er slik at «utviklinga er sentraliserande», så er politikk å styre utviklinga, og ei slik utvikling vil Sp bremse, understrekar både Klinge og Heggem.
Den teknologiske utviklinga gjer det enklare å tene heile landet frå få kontor, men kven seier at desse kontora da må vere i Oslo og i dei største byane? Heggem er glad for at skattekontora i Surnadal og Orkdal består, men det var mange kontor som vart nedlagte.
Jenny Klinge nemnte også kommunestrukturen og politireforma som ikkje vart gjennomført utan bruk av tvang. Styrken til Sp i neste periode avgjer korleis utviklinga blir framover. Norge har hatt ein annan politikk enn Sverige både med omsyn til landbrukspolitikk og sentralisering. Resultatet ser alle som kryssar grensa.
Jenny Klinge ser eit skremmande, ope valg framom seg!
- Eg håper alle som ønsker eit regjeringsskifte stemmer! Under valgkampen har eg gledd meg over alle som har sagt til meg at dei har stemt andre parti før, men at dei i år vil stemme Senterpartiet!
Arild Haugen, Bjørg Myrvang, Ola T. Heggem, Jenny Klinge og Ola G. Bjørnås med Rørdalen som bakgrunn.
Senterpartifolket ved Haugensetra i Rørdalen var enige om at dei hadde fått fram politikken sin godt i media i denne valgkampen. Det har komme fram at Sp ikkje er berre distrikts- og landbrukspolitikk. Det er ingen skam lenger å stemme Sp.
- Det er ikkje politikken til Sp som har forandra seg. Det er politikken til regjeringa som har gjort sakene til Sp så aktuelle, og så har vi ein ledar som har gjort eit godt inntrykk, avslutta dei.
Ein ting er sikkert: Dette blir eit spennande valg!