Songkveld med årsfest
Todalskoret, Åsskard Kyrkjekor og organist Bernt G. Bøe (fremst) samarbeider om kveldens musikalske program. Songarane er frå venstre Liv M. Polden, May E. Holten, John Moe, Einar Husby, Borghild Talgø, Ann Magret Botten, Nora Bøe, Inger Garthe, Øystein Moe og Kari Sæther.
På korprogrammet står friske kyrkjetonar, spirituals og utdrag frå den gresk-inspirerte samlinga «Visst skal våren komme». Solistar er Øystein Moe og Nora Bøe.
Via lysbilete viser soknerådet si «årsmelding» for 2012 – med glimt av allsidig gudstenesteliv, barn og ungdom, misjon, konsertar, aktive konfirmantar, kyrkjeroing og rikt fellesskap.
Bedehuset Betania fyller 80 år i 2013. Ypperleg lokale – ikkje minst for song og musikk.
Allsongen vil sjølvsagt tone. Og servering hører med på ein kyrkjeleg song-festkveld, lovar Åsskard sokneråd.
Programmet tek til kl. 19.00.