Songkveld i Åsskard

Kom og syng nye salmar! Og hør perler frå kyrkjemusikk og opera! Åsskard Kyrkjekor og Sigrid Vetleseter Bøe inviterer til songstund i kyrkja si søndag ettermiddag.

Den nye salmeboka blir no innført i dei aller fleste kyrkjelydar. Nytt og gammelt stoff frå denne er basis for allsongen og mykje av korprogrammet i Åsskard. 

– Vi vil at folk skal bli kjent med denne skattkista av ei songbok – der det også er vakre tonar og tekster frå Nordmøre, seier organist Bernt G. Bøe, som er kveldens akkompagnatør.

– Utvalget spenner frå søramerikansk tango til «Julverset» frå Stangvik.

Sigrid Vetleseter Bøe syng operaperler av Verdi og Handel. Koret er innom Bach og Schubert før dei avsluttar programmet med Haydns spenstige «Missa Brevis» i F-dur, der søstrene Nora og Sigrid Bøe er solistar.

Gunnhild Skjerdal har vald «Min salme» og fortel om den.

Og i Kyrkjestua er det ettermiddagskaffe, lovar Åsskard Kyrkjekor

 

Songkveld a Åsskard Kyrkjekor.jpg

Frå venstre Nora Bøe, Kari Sæther, Kirsten B. Bøe, Inger Garthe og Randi V. Bøe.

Songkveld b2 Sigrid VB.jpg

Sigrid Vetleseter Bøe er solist i Julverset, Haydn-messe og operaarier.

Songkveld b1 Sigrid VBøe.JPG

Sigrid Vetleseter Bøe

Songkveld c Salmeboka.jpg

Ny «Norsk Salmebok» - ei rikhaldig samling av nytt, vakkert og velkjent songstoff.

Songkveld d Plakat 2014 03 16 Songkv Åssk.jpg

Plakaten ...