Song- og musikkglede i Rindal
For andre kveld på rad var 50-60 rindalingar samla omkring song og musikk i Rindal. På Rindal Menighetshus var det mykje allsong i tillegg til glad og vakker song og musikk å høre på, - og det var kaffe og kaker også!
Trass i at biskopen måtte melde sjukdomsforfall til bispevisitas i Rindal denne veka, så har to planlagte musikkarrangement gått sin gang. Kantor Daniel Bjørlo stod som sentral i planlegging og gjennomføring av begge desse arrangementa.
På menighetshuset leda Bjørlo allsongen i lag med Husbandet, batteristen Magne Lillegård og bassisten Einar Lillegård. Bjørlo leda Ungdomskoret, og han kompa "Salt & Pepper" som Elsa Jensvold leda. I tillegg deltok Blæst'n med fleire nummer, og dei akkompagnerte forsamlinga i den kjente ønskekonsertslageren "Det er makt i de foldede hender".