Song og musikk på Eidet bedehus
Laurdag 26. april kl. 17.00 blir det igjen song- og musikkveld på Eidet bedehus i Surnadal. Det er no tolvte gongen vi har ei slik vårleg samling der song og musikk står i sentrum.
Denne gongen får vi besøk av "Atlanterhavskameratene". Som namnet seier består denne gruppa songarar som vanlegvis held til ute ved kysten, frå Eide, Vevang og Averøya. Santiago Huanga frå Bolivia er eit av medlemmene. Han har med både panfløyte og charango (liten gitar) som vi skal få høyre.
Det blir elles andakt, mykje allsong og høve til å gje ei gåve til misjonen. Midt i programmet blir det servering. Det improviserte, men likevel tradisjonelle "mannskoret" er det mange som gled seg til å høyre. Legg dykk i trening, karar!
Misjonssambandet ønskjer alle hjarteleg velkomne til Eidet bedehus denne laurdags ettermiddagen. Merk tida!