IMGP8814

Sommarutstilling på Dalalåven i Rindal

Anne Margrethe Hjelvik og Inga Dalsegg har fått opp heile 68 bilde på veggene på Dalalåven!
- Det er ny rekord, proklamerer Inga! Laurdag opna sommarutstillinga som varer til søndag 9. juli.

- Vi har svært ulikt uttrykk, så det vart utruleg spennande å sjå bilda våre blanda saman på den måten, legg Inga til.

Sommarutstillinga på Dalalåven Atelier har verkeleg bilde i mange forskjellige format, fargar, stilartar, teknikkar og prisklassar. Begge kunstnarane var slitne og småsveitte da dei avslutta arbeidsdagen fredag før åpninga.

IMGP8811.JPG
Lørdag fekk begge utløyst spenninga da dei rulla ut den raude løparen og opna utstillinga for publikum.

IMGP8826.JPG

Under opninga fortalde Anne Margrethe Hjelvik at bilda hennar var meir drømmande enn Inga sine, men at dei stod godt til kvarandre.

- Eg vil at sjåaren skal få si eiga oppleving, noko dei kan kjenne seg att i, seier Hjelvik, og opnar for at andre kan få noko heilt anna frå bilda enn det ho tenkte.

Anne Margrethe Hjelvik kjem frå Rygge og har atelier på Larkollen, men er opphaveleg frå Molde. Ho er imponert over at Rindal opnar to kunstutstillingar denne dagen.

Sommarutstillinga på Rindal Skimuseum opna laurdag ettermiddag kl.15.00.

Nedafor ser du bildeglimt frå utstillinga, men ver merksam på at fargenyansane kan vere annleis på sjølve bildet.

IMGP8820.JPG

IMGP8816.JPG

IMGP8815.JPG

IMGP8818.JPG

IMGP8819.JPG

IMGP8821.JPG

IMGP8822.JPG

IMGP8823.JPG

IMGP8828.JPG

IMGP8829.JPG

Sommerutstilling2-2017_690x976.jpg