Tips 10: Høgberget
Sommartur i Surnadal
Høgberget er eit turmål som passar for alle, men som særleg er ei perle for nybegynnarar: Turen er for det første kort. Den er dessutan fri for stupbratte bakkar som tek motet frå ein som ikkje er topptrena. Sist men ikkje minst: Når du kjem fram til målet, ventar eit storslagent utsyn over flatbygda på deg. Kanskje ein motivasjon for å søkje mot andre toppar seinare? For den veltrena er nok turen i kortaste laget om ein startar frå Idrettshallen, men dei som bur i nedre Surnadal kan godt gå eller sykle fram til startpunktet og på det viset forlenge distansen.
Låg kveldssol over Nedre Surnadal. Alle foto: Norunn Holten
Dette er også ein tur ein kan ta familien med på ein søndag eller ein fin sommarettermiddag. Blir ungane litt lei oppover lia, kan ein kanskje leggja ein avstikkar bort til klatrejungelen som skuleungane har laga seg borte i skogen.
Fakta om turen
Stad | Idrettshallen →Høgberget →Idrettshallen |
Type tur | Vandring |
Gradering | Blå (lett) |
Kulturminne | Nei |
Beskriving av kulturminne | - |
Turbeskriving- trase’ | Ta stien opp i rabben i framkant av redskapshuset som står ved Idrettshallen. Gå vidare bak plasthallen som tilhøyrer Surnadal vidaregåande skule og ta inn på skogsvegen bak hallen. Her er det ei grind med eit "forbudt for alle køyrety"-skilt. Fortsett oppover denne skogsvegen. Eit stykke etter at du har passert ei demning på høgre side av vegen, viser eit skilt i venstre vegkant kor stien mot Høgberget startar. Stien er tydeleg, så det er ikkje vanskeleg å finne fram. |
Startpunkt | Surnadal idrettshall |
Sluttstad/turmål | Sluttstad: Idrettshallen Turmål: Høgberget |
Parkering ved startpunkt | Ved Idrettshallen |
Type underlag | Skogsveg og sti |
Stigning | Jamnt oppover så lenge du følgjer skogsvegen, deretter lett kupert innover stien. |
Total stigning | Ca 120 høgdemeter. |
Offentleg transport | Det går fleire bussar forbi skuleområdet på Øye dagleg, men dei fleste vil nok anten køyre bil, gå eller sykle til startpunktet ved Idrettshallen. |
Spesielle forhold |
• Du kan treffe krøtter på beite det første stykket av skogsvegen- ta omsyn til dei! |
Kart | Turkartet «Fjordruta» (1: 100 000) |
Klikk på bilda for å sjå dei større eller i serie!