
Sommarbesøk frå aust
På 90-talet var det ein del kontakt mellom Surnadal/Rindal og Latvia like etter at Latvia vart sjølvstendig. Rindal hadde kontakt med kommunen Lielvarde like sør for Riga, og det var besøk begge vegar. Nokre av desse har framleis kontakt med kvarandre, og denne veka har familien Ivars Lukasunas vore her.
I 1995 hadde Rindal besøk av eit barnekor frå Lielvarde. Dei song mellom anna på Tunmessa under Kulturvøkku. Ei avgangsklasse la skuleturen sin til Lielvarde, og fire kommunetilsette var på 14 dagars opphald der og gjorde seg kjent med skular og helseforhold. Ivars Lukasunas var ein sentral person i denne utvekslinga, for han kunne både engelsk og svensk i tillegg til morsmålet. Dermed var han til god hjelp som tolk. Han kjenner dermed mange i Rindal og helsar til alle han ikkje møtte under besøket.
Nedafor er det også nokre glimt frå 90-talet.
Klikk på bilda og sjå dei større og som bildeserie!