IMG_0470 SV besok

Solsikke for økosatsing

Stortingskandidat for SV, Ingrid Opedal, meiner Tingvoll sjukeheim si satsing på økologisk mat fortener ei solsikke. Denne veka fekk ho overrekt solsikka.

Om lag 55 % av maten dei serverer på Tingvoll sjukeheim økologisk. – Vi satsar på at over 50 % av den maten skal vere økologisk, seier kjøkkensjef Tommy Stølan. Han er kry av at kjøkkenet har fått sølvmerke av godkjenningsorganisasjonen Debio. Med så mykje servering av økologisk mat ligg Tingvoll sjukeheim langt over det som er den noverande regjeringa sitt mål. Det tykkjer Ingrid Opedal er veldig bra.

Vi har gått inn for meir ambisiøs satsing på økologisk mat og landbruk, seier Opedal. Ho legg til at Tingvoll, som òg huser Bioforsk Økologisk, er ein kommune ho føler seg heime i. - SV vil støtte opp om forskinga på Tingvoll og Tingvoll Økopark. Satsinga på Tingvoll er også viktig for landbruket, seier Opedal.

 

Dårlegare kår
Landbruket i Noreg bør vere meir basert på lokale ressursar, meiner Opedal som legg til at både kulturen og kulturlandskapet vil få dårlegare kår om det vert eit regjeringsskifte.

-Det er viktig å auke berekraftig norsk matproduksjon, det er viktig å halde oppe busetnad i heile landet, og eit grovforbasert dyrehald er og nødvendig for å halde oppe kulturlandskapet, sa Ingrid Opedal. 

Kjøkkensjef Tommy Stølan meiner det ikkje er noko hokus pokus å legge om til meir økologiske råvarer. Han peiker på dei gode produkta frå Rørosmeieriet og frukta han får frå Bama i Kristiansund.
- Som kokk likar eg svært godt dei økologiske råvarene, seier Stølan, som er relativt fersk som kjøkkensjef ved Tingvoll sjukeheim. Han takkar sin forgjengar Tore Betten for at han har lagt opp gode innkjøpsrutinar for kjøp av dei økologiske råvarene.
- Eg tykkjer det er spennande å bruke økologiske råvarer og lage mat frå grunnen av, og det blir slett ikkje dyrare enn å kjøpe alt ferdig, meiner Stølan. SVs listetopp Ingrid Opedal og tredjekandidat Line Karlsvik frå Kristiansund var også innom Bioforsk Økologisk, og fekk informasjon om verksemda der.

- Vi fekk så mykje interessant informasjon at vi må komme tilbake etter valet, sa dei to etter ein spennande dag på Tingvoll onsdag. I tillegg til mykje informasjon om landbruk og mat fekk dei ei orientering om folkemusikksatsinga på Åkerfallet. Her har Tingvoll kommune med Rannveig Eikrem Jensen bygd opp ein unik utstilling. Ei utstilling som tek vare på folkemusikkarven etter Erik og Magnhild Almhjell

 

IMG_0470 SV besok.jpg

Stortingskandidat for SV Ingrid Opedal (tv) meiner kjøkkensjef Tommy Stølan fortener ei solsikke. Det er rådgjevar ved Bioforsk Økologisk, Liv Solemdal og ordførar i Tingvoll Peder Aasprang einig i.

 

 

20130807-IMG_0455.jpg

SV- sine kandidatar Ingrid Opedal få Volda og Line Karlsvik frå Kristiansund fekk orientering om Bioforsk Økologisk, Norsøk og Tingvoll Økopark, ved rådgjevar Liv Solemdal, direktør Kristin Sørheim og forskingssjef Atle Wibe ved Bioforsk Økologisk på Tingvoll gard.

 

Tekst/foto: Anita Land