bilde 1_715x536

Torsdag 18.april klokka 11.00 – 13.00

Solidaritetskafè på Mo oppvekstsenter


Dei flinke elevane på 6. og 7. trinn bakar kanelsnurrar og bollar.

 

Solidaritetskafè på Mo oppvekstsenter

Torsdag 18.04.13 klokka 11.00 – 13.00 er det solidaritetskafè på Mo oppvekstsenter. Skulen inviterer til ei trivelig stund i gymsalen.


Bakgrunnen for dette er at vi treng pengar til fadderbarnet vårt gjennom Plan Norge. Dette er ein viktig og langsiktig del av solidaritetsarbeidet vårt på Mo oppvekstsenter. På denne måten kan vi vise i praksis at ein liten innsats frå vår side, kan gjere stor skilnad for eit fattig barn i Afrika.


Mo oppvekstsenter har solidaritetsveke i heile veke 16, og i tillegg til å ha tema om forholda mellom fattige og rike land i verda, vil vi også drive haldningsarbeid og ta opp spørsmål om kva vi kan gjere på Mo.


Korleis kan vi vise solidaritet med alle dei som ikkje er så heldige å bu her i Noreg? Vi ønskjer å gjere noko for å hjelpe heilt konkret.


  2. og 3. trinn har laga powerpointpresentasjonar om Kenya og fadderungen vår.

 


1. og 2. trinn har laga flotte veggaviser.

Tekst/foto: Marit Bakk