Picasa

- både ute og i Kulturhuset!

Sola e komma

Det er temmeleg unikt at eit plateselskap samlar artistene sine til slepp av 5 plater, kvintuppelslepp! Eg veit ikkje av at det har skjedd før, seier Jostein Ansnes til Trollheimsporten. Når attåt 3 av desse er på surndalsdialekt, vert dette enda meir unikt, legg han til. Dette får vi vere med på i Storstuå i Surnadal kulturhus onsdag kveld.

https://trollheimsporten.custompublish.com/getfile.php/2294893.1537.rrpsvvaasc/1-2013-05-14%C2%A018.10.28.jpg https://trollheimsporten.custompublish.com/getfile.php/2294894.1537.xbrpucdypy/1-2013-05-14%C2%A018.10.46.jpg

"Sola e komma" er ei relansering. I 1978 kom Vårsøg ut med andre plata si, og «mot normalt», gjekk denne heilt til topps og fekk Spelmannsprisen dette året. No kjem den ut på nytt. Denne plata var med på å bane veg for dialekt i popmusikken, seier Ansnes, og gir Vårsøg og Henning Sommerro æra for at dei no kan lansere desse lokale platene.

https://trollheimsporten.custompublish.com/getfile.php/2294895.1537.dfqbdxcufu/1-2013-05-14%C2%A018.10.54.jpg

Men desse karane til venstre blir ikkje fulltallige denne kvelden

 

Dei som står for dei tre surndalsplatene er Ingebjørg Loe Bjørnstad med «Hæm» og Helge Gravvold med sin «Lagnad» i tillegg til Vårsøgs «Sola e komma.» Attåt desse kjem platene til Mattis Kleppen og Tullkattesnutene (Kirsti Huke og Siri Gjære).

 

I tillegg til dei som er involvert i platesleppa, får vi møte Hans Bollandsås og Heidi Skjerve som også brukar Øra.

 

Her ligg det med andre ord an til ein kveld du seint vil glømme!

 

Øra studio med sterke røter i Surnadal har vokse til eit av Norges største lydstudio. Plateselskapet Øra Fonogram er også drive av same gjengen. Med tilstelninga Ørasus ønskjer dei at Vårsøgpublikummet skal få del i musikkopplevingane sine, samtidig som dei viser tilhørigheit.

 

Dagleg leiar i Øra Studio er musikar og produsent Jostein Ansnes. I tillegg jobbar også Jo Ranheim (Rindal) og Magnus Børmark (Gåte og 22) i Øra. På produksjonssida finn vi Steinar Larsen og Trygve Brøske.

 

Heile programmet for Vårsøghelga finn du her!