Stangvik kyrkje

VALDAGEN BLIR 9. SEPTEMBER

Soknerådsval i Todalen og Stangvik sokn

I Møre bispedømme har 14 sokn vore med på ei forsøksordning med val på halve soknerådet annakvart år. Stangvik og Todalen har vor med på denne ordninga til no. Sjølv om vi gjekk ut av denne ordninga i mars i år, må vi likevel halda val i haust.

Listeforslag frå nominasjonskomiteen skal leverast soknerådet innan 1.mai og frist for godkjenning av listeforslaget er 8. mai.
 
For å halde dykk orienterte vidare, vil det koma meir informasjon på halvårsplana til Stangvik sokneråd som vert utdelt i august. I Todalen vil informasjonen koma på aktivitetskalenderen og på Todalen.no.  Informasjonen som kjem seinare vil innehalda: namn på listekandidatane, valstad og tidspunkt. Førehandsstemming.
 
Det vert og informasjon i lokale aviser i august om soknerådsvalet 9.september. Kyrkjebladet i juni vil og innehalda informasjon om valet.
 
Helsing sokneråda i Stangvik og Todalen