Melding frå soknerådet:
Soknerådsval i Stangvik
Stangvik sokneråd har ikkje fått nok namn på vallista til soknerådsvalet i haust.
Vi manglar 5 namn!
Soknerådet kan ikkje stille liste viss vi ikkje har minimum 11 namn.
Derfor er rådet nøydd til å nytte seg av supplerande nominasjon og gå ut med oppmoding om at fleire seier seg villig til å stå på lista.
6 av desse kandidatane blir valde som faste medlemer og 5 som varamedlemer. Fristen for å supplere vallista er 5. juni. Soknerådet håpar at fleire kan vere interesserte, og med dette å få nok namn til at vi kan stille til soknerådsvalet i haust!
Interesserte kan melde seg til
Rannveig Brøske
mobilnr 47625054, eller til
Ingebjørg Myrbostad
mobilnr 47840386
Stangvik sokneråd
Arkivfoto