Plakat KVELDSMESSE Ny_1024x1524

Soknemøte og ny messe

Onsdag er det Kveldsmesse med utprøving av ny liturgi i Åsskard kyrkje. Etterpå er det servering og soknemøte med drøfting av den lokale nyordninga.

Pågåande gudstenestereform opnar for delvis lokal utforming av liturgien i messa. Innafor ei fast ramme av obligatoriske ledd har kvar kyrkjelyd fått velje blant alternative melodiar og tekstformer.

Gudstenesteutval og sokneråd har siste året vurdert ulike ønske og løysingar. Onsdag kveld vil Åsskard ta i bruk utkastet som soknerådet har bestemt. Folk vil altså få oppleve dette i praksis gjennom ei reell gudsteneste.

Soknerådet har vald å ta vare på storparten av den «gamle» liturgien. Dette særleg for at folk flest skal «kjenne seg att» i kyrkja og ikkje bli gjort utrygge av ytringar og uttrykk som kan opplevast ekskluderande. For eksempel ein vald å halde fast på den kjende ordlyden i «Fadervår».

Noko er likevel nytt og kanskje spennande. Mest radikalt i onsdagens messe er truleg «Lovnadsordet» - plassert som innleiing til «Syndsvedkjenninga» og som motivasjon til denne.

Nattverd og takkoffer blir faste innslag i hovudgudstenesta.

Nytt og velkjent hand i hand blir altså å oppleve i denne og komande gudstenester, både i Åsskard og andre kyrkjelydar.

Vikarprest Nils Heie gjer teneste under kveldsmessa.

Under: Åsskard kyrkje tek i bruk ny gudstenesteordning onsdag kveld.