1-Vaulen

52-17 Søndagsturen 9. august:

Søndagsturen går til Vaulen

Førstkommande søndag går 52-17 Søndagsturen til Vaulen i Nordmarka. Dette er ein familievennleg tur på omlag ein time frå parkeringsplass ved Solåsvatnet. Her vert det servert kaffe frå svartkjel, og det er muleg både å fiske og å grille.

INFORMASJON OM 52-17 SØNDAGSTUREN 9. AUGUST
Vaulen søndagsturen 2.jpg
Foto: Surnadal kommune

Turnavn:

Familievennleg tur til Vaulen i Nordmarka – Søndagstur i Surnadal

Tursted:

Vaulen i Nordmarka i Surnadal

Oppmøtested:

Avkjørsel på austsida av FV65 på Nordmarka, ca. 300m sør for avkjørsel til Nordmarka idrettssenter, bomveg austover Nordmarksvegen. Kjør ca. 10 km, sving av nordover før Andersvatnet, følg vegen til enden, parkering ved flytebrygga ved Solåsvatnet.

P-Plass Solåsvatnet.
Ved enden på vegen ved flytebrygge på Solåsvatnet.

Dato og tidspunkt:

Søndag 9. august fra klokka 12.00 til ca. 15.00.

Turbeskrivelse:

Turen går denne søndagen til Vaulen på Nordmarka i Surnadal. Merka sti frå Solåsvatnet, bløtt i terrenget, ca 1 times gange til Vaulen.

Opprinneleg var Vaulen ein gard under Mo sokn som høyrde kongen til. På slutten av 1600-talet gikk eigedomsretten over til private. Etter 1723 er det ikkje registrert fastbuande på garden. Sæterhusa som i dag ligg vest for husa på Vaulen, ligg omtrent på den staden der garden låg.

Her er det mulegheit for fisking (fiskekort kan kjøpast i kassen for bompengar), mulegheiter for grilling, svartkjelen blir også å treffe. Gapahuk er det også ved huset. Musters kan en også treffe på….

2-Musters.jpg
Musters. Foto: Harald Egil Folden

Vaulens venner har slåttahelg denne helga, så det vil vere aktivitet på området.

Utstyr å ha med:

Familievennlig tur. Se an været og klær.

Kontaktperson:

Surnadal Jeger- og fiskerforrening ved Sølvi Irene Fuglås – 41305208

 

Ingressfoto: Harald Egil Folden