52-17 Søndagsturen
Søndagstur i sjøkanten
Søndag 19. juli går 52-17 Søndagsturen til Åsgard i Surnadal. Vi samlar oss ved naustet til kyrkjebåten «Hjelmkonnå». Det skal offisielt opnast denne dagen. Sjå meir nedafor!
INFORMASJON FRA 52-17 SØNDAGSTUREN
Turnavn:
Aktivitetsdag i sjøkanten på Åsgard – Søndagstur i Surnadal
Tursted:
Åsgard
Oppmøtested:
Naustet til kyrkjebåten «Hjelmkonnå» på Åsgard søndag 19. juli klokka 12.00.
Dato og tidspunkt:
Søndag 19. juli klokka 12.00.
Turbeskrivelse:
Søndagsturen denne veka går til Åsgard der det blir aktivitetar både på land, i fjøra og ute på fjorden. Samlingspunktet er naustet til kyrkjebåten «Hjelmkonnå», som det er offisiell opning av denne dagen.
AKTIVITETER:
I løpet av dagen vil det bli muleg å prøve seg på både kajakkpadling og roing med kyrkjebåten «Hjelmkonnå». Det vil bli gitt rettleiing til den som treng og redningsvestar kan lånast. I fjøra kring naustet er det fine mulegheiter for fisking, og viss ein vil, kan ein delta i den oppsette fiskekonkurransen som er open for alle. Hugs fiskestong! Kl. 12.00, på det tradisjonelle starttidspunktet for «5217-søndagsturen», er det lagt opp til ein kortare fottur i nærområdet. Det vil vera muleg å få kjøpt seg grillmat og kaffe under heile arrangementet.
Sidan søndagsturen denne gongen inngår som del i eit anna og større arrangement, tek vi her med programmet for heile arrangementet. Det er likevel fullt muleg å få med seg alle aktivitetar for den som møter opp til vanleg søndagsturtid:
11.00: Opning av arrangementet: Roing/padling og salg av grillmat og kaffe.
11.30 til 13.30: Fiskekonkurranse. To klassar: a) Vaksne – b) Ungar under konfirmasjonalder (15 år). Premiering av største (dvs. lengste) fisk og flest enkeltfiskar i kvar klasse.
12.00: Fottur langs Gammelvegen mot Sætervika/Åsgardhøgda. Leiar og guide/informant: Lars Jostein Bævre
14.00: Samling ved naustet: Kort historikk om området. Premieutdeling etter fiskekonkurransen. Formell opningsseremoni for naustet.
Utstyr å ha med:
Kle deg godt. Forbered deg på aktivitet i og ved sjø.
Kontaktperson:
Bøfjorden historielag i Surnadal ved Bernt Bøe- tlf. 99710357 eller Tore Sannes – tlf. 92444344
Bilde av naustet alene: Ann Kristin Engset
Alle andre bilder: Bernt G. Bøe