Søndagens preike i Øvre Rindal kapell
«Reis deg og gå! Trua di har frelst deg,» heiter det i teksta Lene prest preika over i kapellet denne søndagen. Du kan lese heile preika nedafor her på Trollheimsporten!
Øvre Rindal kapell 25.09.11 – Lukas 17, 11-19.
Det er ikkje noko som gjer så mykje med eit par i sin beste alder som dette å bli foreldre. Eg talar for meg sjølv, og vil påstå at alt eg har drege i land av små og store sigrar, eksamenar og prestasjonar før vart lite å rekne i forhold til det å bli mor. Eg vart langt meir stolt enn eg nokon sinne kunne ant at eg hadde evne til å bli.
Men også denne lukkelege stoltheita har si slagside. Ein blir jo så irriterande ugjenkjenneleg hormonstyrt av fødslar! Irriterande og irritert og vanskeleg å ha med å gjera. Og så sårbar at det ikkje skal nokon ting til.
Då eg var i det moduset sjølv, vart det sagt noko om at «Berre borna er velskapte, skal ein vera glad.» For min hormonelle psyke vart det ikkje berre ille, men også heilt forferdeleg at nokon kunne få seg til å meine noko slikt – og så seie det atpåtil. «Berre borna er velskapte, skal ein vera glad.» Skulle eg ikkje vore glad om eg hadde fått eit barn som ikkje var velskapt? Har ein ikkje minst like god grunn til å bli hoppande glad for det? Tenkte eg med meg sjølv, og beit sinnet i meg. I ettertid ser eg at det var lurt.
Denne historia, leita fram frå ei fjern og hormonell ammetåke, seier sitt om kva som er viktig. Same kva me seier og meiner av dumt eller tåpeleg, veit me det: Livet er viktigare enn helsa. Livet er det viktigaste me har fått. Eit levande barn er det beste me kunne bli tildelt, uansett om det er såkalla velskapt eller ikkje.
Så skal me høyre lese preiketeksten for i dag. Den er henta frå Lukas 17, og har fått overskrifta Den takknemlige samaritan:
Medan Jesus var på vegen til Jerusalem, drog han gjennom grenselandet mellom Samaria og Galilea. Då han skulle gå inn i ein landsby, kom det ti spedalske menn imot han.
Dei vart ståande langt unna og ropa: «Jesus, meister, miskunna deg over oss!» Han såg dei og sa: «Gå og vis dykk for prestane!» Og medan dei var på veg dit, vart dei reine.
Ein
av dei kom tilbake då han såg han hadde vorte frisk. Han lova Gud
med høg røyst,
kasta
seg ned for Jesu føter med andletet mot jorda og takka han. Denne
mannen var ein samaritan.
Då
sa Jesus: «Vart dei ikkje reine alle ti? Kvar er så dei ni?
Var
det ingen annan enn denne framande som kom tilbake og ville gje Gud
æra?»
Og
han sa til mannen: «Reis deg og gå! Trua di har frelst deg.»
Heilage Gud, gjer du oss heilage i sanninga, ordet ditt er sanning.
Det viktigaste er at barnet er velskapt, seier vaksne som ikkje veit betre. Som ikkje veit at barnet er viktig uansett korleis det er skapt. Som ikkje veit at mitt barn er finast i verda uansett korleis det ser ut.
Det viktigaste er å vera velskapt, seier me til oss sjølve mens me klemmer kviser, kittar oss med pudder, dreg inn magen og gøymer badevekta. Dei som sel push-up og hold-inn underklede, nokia- og nutrilettdiett, kosttilskudd og dopingmidlar vil nok gjerne ha oss til å tru det – godt understøtta av barbiedokkeidealet som ligg langt utanfor det fysisk normale.
Det viktigaste er å vera frisk, kunne koma seg opp kvar dag og stelle seg sjølv heime, seier dei gamle som veit å setja pris på livet som har vore.
Det viktigaste er å vera frelst, seier han som gjer spedalske og stigmatiserte, utstøytte og ureine friske att.
For dei spedalske var ikkje sjukdommen ein bagatell. Spedalskheit er forferdeleg til sjukdom. Sidan den også er smittsam, er det til alles beste at dei spedalske held seg for seg sjølve. For dei som måtte vera spedaske på Jesu tid, var framtidsutsiktene dystre – om ein i det heile teke kan snakke om framtidsutsikter.
For friske vart dei, desse ti spedalske som står der på god avstand og ropar sitt Kyrie eleison, Herre miskunne deg. Herrens miskunn syner seg når dei er på tur til presten – og som de kanskje hugsar frå bibelhistoria var det den gong presten sin jobb å definere om dei var sjuke eller friske. Når spedalskheit var sjukdommen, var det spørsmål om å vera urein eller rein.
Dei fekk helbredelse, desse ti. Dei fekk svar på tiltale. Sanneleg, denne Herren visste å miskunne seg.
Kva er så viktigast? Er det å vera frisk – kall det gjerne velskapt – eller er det å vera frelst?
Det viktigaste for dei ni som vart helbreda, var å bli friske att. Er dei fyrst ferdige med sjukdomen, er dei ferdige med han som gjer vèl også i same slengen.
Det viktigaste for Jesus var å ta imot denne eine samaritanen, denne eine som ingen hadde særleg forventningar til, denne framandkaren som kom ifrå feil plass og hadde dårleg rykte. Trua di har frelst deg, seier frelsaren til han.
Me har all grunn til å vera glad for liv og helse, born og familie, slekt og slekters gang. Dette må me gjerne hugse å takke for – kva har me vel ikkje som ikkje Gud har gjeve oss?
Kva frelsa angår, har me all grunn til å takke for den òg. Det går an å be om frelse – Herre, miskunne deg over meg. Og det går an å få frelse – det beste vår himmelske far nokon sinne kunne gje oss.
For så høgt har Gud elska verda at han gav son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt men ha evig liv. Amen.