Søndag startar Stikk UT!
Søndag 1. mai går startskotet for Stikk UT!. Det er tredje gang Surnadal kommune deltek, og nytt av året er at det kvar månad trekkjes gavekort på 500 kroner blant dei som registrere seg på nett. Her kan du sjå status per i dag for dei ulike postane.
Stikk UT! er eit lavterskeltilbod med hovudføremål å få vanlege folk ut og i aktivitet, ikkje minst dei som ikkje går på tur fra før.
"Turkassetrimmen" består av oppmerka stiar med ein postkasse ved turmålet, der du finn ein kode for turen og ei turbok du kan skrive deg inn i. Koden kan registrerast på nettsida til Stikk UT!, og kvalifiserer til premiar (7 registrerte turmål for vaksne, 6 for barn under 10 år)
Noko for alle
Alle turar har ein fargekode som angir vanskegrad for turen, så det er lett å finne turar som passar for deg, uansett treningsgrunnlag og fysisk form.
Av totalt 179 turar i Romsdal og på Nordmøre (50 er markerte som trillevenlege), er det 12 turmål i Surnadal:
Røde turar: Sula, Knyken og Hjelmen
Blå turar: Strengen, Trodalen, Storhaugen
Grøne turar: Langvatnet, Kleiva, Svinvikrunder, Svorka og Bjorvollen, Salvatna, Kallset
Turane er spreidd på dei ulike grendene i kommunen, slik at alle skal ha minst éin tur i nærområdet sitt.
Statistikk for besøk på Stikk UT!-postane i Surnadal i 2015:
Turmål |
Tal besøk |
Tal personar |
Knyken |
202 |
170 |
Strengen |
367 |
234 |
Hjelmen |
179 |
155 |
Sula |
140 |
137 |
Langvatnet |
477 |
270 |
Svinvikrunden |
622 |
411 |
Svorka/Bjorvollen |
303 |
240 |
Trodalen |
287 |
221 |
Kleiva |
710 |
471 |
Storhaugen |
378 |
285 |
Kallset |
495 |
322 |
Salvatna |
232 |
208 |
Totalt |
4392 |
814 |
På nett vart det i 2014 registrert 3.816 turar i Surnadal, mot 4.392 i 2015. Nærare 60 % av registreringane er gjort av surnadalingar, og 76 % av registreringane er gjort av kvinner, 24 % menn. Ofte det mangedobbelte kan ha registrert seg i turbøkene, men det varierer frå turmål til turmål.
Status for Stikk UT!-postane i Surnadal per i dag:
Turmål |
Opnar til 1. mai |
Føre |
Sula |
Ja |
Snø/Skiføre |
Knyken |
Ja (håpar vi) |
Snø/Skiføre |
Hjelmen |
Nei |
Snø/Skiføre |
Strengen |
Ja |
Snø/Skiføre |
Trodalen |
Ja |
Barmark |
Storhaugen |
Ja |
Barmark |
Svorka og Bjorvollen |
Ja |
Snø |
Svinvikrunden |
Ja |
Barmark |
Kleiva |
Ja |
Barmark |
Kallset |
Ja |
Barmark |
Salvatna |
Ja |
Snø/Skiføre |
Langvatnet |
Ja |
Snø/Skiføre |
At posten er opna, inneber at det er kode å finne framme ved turmålet. På det fleste av postane er det likevel enno snø. Viss ein ikkje er avhengig av merking eller skilting som enno ikkje er synleg somme stader, kan ein godt bruka ski for å nå turmåla.
God tur!
Arkivfoto: Sigrid Skjølsvold