Tur til Salvatna 2

Søndag startar Stikk UT!

Søndag 1. mai går startskotet for Stikk UT!. Det er tredje gang Surnadal kommune deltek, og nytt av året er at det kvar månad trekkjes gavekort på 500 kroner blant dei som registrere seg på nett. Her kan du sjå status per i dag for dei ulike postane.

Stikk UT! er eit lavterskeltilbod med hovudføremål å få vanlege folk ut og i aktivitet, ikkje minst dei som ikkje går på tur fra før.

"Turkassetrimmen" består av oppmerka stiar med ein postkasse ved turmålet, der du finn ein kode for turen og ei turbok du kan skrive deg inn i. Koden kan registrerast på nettsida til Stikk UT!, og kvalifiserer til premiar (7 registrerte turmål for vaksne, 6 for barn under 10 år)

 

Noko for alle

Alle turar har ein fargekode som angir vanskegrad for turen, så det er lett å finne turar som passar for deg, uansett treningsgrunnlag og fysisk form.

Av totalt 179 turar i Romsdal og på Nordmøre (50 er markerte som trillevenlege), er det 12 turmål i Surnadal:

Røde turar: Sula, Knyken og Hjelmen

Blå turar: Strengen, Trodalen, Storhaugen

Grøne turar: Langvatnet, Kleiva, Svinvikrunder, Svorka og Bjorvollen, Salvatna, Kallset

Turane er spreidd på dei ulike grendene i kommunen, slik at alle skal ha minst éin tur i nærområdet sitt.

 

Statistikk for besøk på Stikk UT!-postane i Surnadal i 2015:

Turmål

Tal besøk

Tal personar

Knyken

202

170

Strengen

367

234

Hjelmen

179

155

Sula

140

137

Langvatnet

477

270

Svinvikrunden

622

411

Svorka/Bjorvollen

303

240

Trodalen

287

221

Kleiva

710

471

Storhaugen

378

285

Kallset

495

322

Salvatna

232

208

Totalt

4392

814

 

På nett vart det i 2014 registrert 3.816 turar i Surnadal, mot 4.392 i 2015. Nærare 60 % av registreringane er gjort av surnadalingar, og 76 % av registreringane er gjort av kvinner, 24 % menn. Ofte det mangedobbelte kan ha registrert seg i turbøkene, men det varierer frå turmål til turmål.

 

Status for Stikk UT!-postane i Surnadal per i dag:

Turmål

Opnar til 1. mai

Føre

Sula

Ja

Snø/Skiføre

Knyken

Ja (håpar vi)

Snø/Skiføre

Hjelmen

Nei

Snø/Skiføre

Strengen

Ja

Snø/Skiføre

Trodalen

Ja

Barmark

Storhaugen

Ja

Barmark

Svorka og Bjorvollen

Ja

Snø

Svinvikrunden

Ja

Barmark

Kleiva

Ja

Barmark

Kallset

Ja

Barmark

Salvatna

Ja

Snø/Skiføre

Langvatnet

Ja

Snø/Skiføre

At posten er opna, inneber at det er kode å finne framme ved turmålet. På det fleste av postane er det likevel enno snø. Viss ein ikkje er avhengig av merking eller skilting som enno ikkje er synleg somme stader, kan ein godt bruka ski for å nå turmåla.

 

God tur!

 

Arkivfoto: Sigrid Skjølsvold