bøfjorden oppvekstsenter

Søknad om oppstart av privatskule i Bøfjorden


Privatskulesøknaden til Bøfjorden skule 



Kvifor søknad om oppstart av privatskule?
 

På foreldremøte på Bøfjorden oppvekstsenter vinteren 2011 vart ideen om ein skulekvardag med rom for meir fysisk aktivitet og større bruk av nærmiljøet i undervisninga drøfta. Det var stor oppslutning om ideen, og ei arbeidsgruppe starta straks opp med planlegging av ”Uteskule” i Bøfjorden.
 

I februar 2013 vedtok Surnadal kommunestyre å legge ned Bøfjorden skule. I samband med høyringsrunden før vedtaket skreiv ein stor del av foreldra til noverande og framtidige skuleelevar i Bøfjorden under på ei utsegn: ”Vi ønskjer skule med ”Uteskule”-pedagogikk i Bøfjorden, og støttar at det blir starta opp arbeid med privatskulesøknad med dette som mål.” Ut frå dette mandatet vart det sett ned eit styre som fikk i oppgåve å sende slik søknad til Utdanningsdirektoratet innan fristen, 1.april.

 

Søknaden
 

Ein har søkt om å få drive skule for 1.-7-klasse, og tilhøyrande SFO. For å kvalitetssikre søknaden har ein samarbeidd med andre privatskular i prosessen, samt at organisasjonen KFF (Kristne Friskolers Forbund) har vore rådgjevarar for vår søknad konkret.

 

Foreninga Bøfjorden skule – organisering

Styret valde å registrere skulen som foreining. Det inneber at alle interesserte kan bli medlemmar gjennom å betale kontingent. Det blir vald eit styre som i samarbeid med dagleg leiar (rektor) skal leie skulen. Foreininga fungerer som kva som helst anna foreining, og styret har utarbeidd vedtekter for henne etter gjeldande praksis for foreiningar generelt.

 

Økonomi og budsjett
 

Private skular er i all hovudsak finansiert gjennom statstilskot. I prinsippet løyver staten eit tilskot til alle skular, offentlege eller private, rekna ut frå ein fast sum pr. elev. I dag er dette tilskotet 137 100 kroner. Private skular mottek 85% av dette tilskotet pr. elev. Dei resterande 15% disponerer kommunen den private skulen ligg i. Desse midlane skal gå til PP-teneste, helsetenester for skulebarna o.l.
 

Budsjettet i søknaden er sett opp frå gitte elevtalsprognosar dei ulike åra. Styret vil presisere at desse elevtala er nettopp prognosar, og eit nødvendig utgangspunkt for arbeidet med søknaden og budsjettet. Her har ein lagt Surnadal kommune sine barnetalsprognosar for Bøfjorden til grunn. Ein har ikkje kalkulert med full oppslutning om privatskulen hos alle foreldre i Bøfjorden, men like fullt lagt inn rom for å kunne ta i mot elevar frå andre stader, sidan ein har registrert interesse for tilbodet frå heimar utanfor bygda.
 

Ein privat skule er etter Privatskulelova pålagt å ta i mot alle elevar som søkjer, så sant det er plass ved skulen. I søknaden opererer derfor styret med eit elevtal på 20 første året og 22 det andre året og eit budsjett i tråd med det. Desse tala forpliktar likevel ikkje Bøfjorden skule på nokon måte. Dei einaste rammene for elevtal i følgje Privatskulelova er at ein privat skule skal ha eit elevtal på minimum 15 i eitt av dei tre første åra for å vere sikra fortsett drift. Privatskulesøknaden krev også at ein legg ved budsjett over fullt utbygd skule, altså med maksimalt elevtal skulen skal godkjennast for. Her valde styret å søkje om ei maksgrense på 35 elevar.  Dette meiner styret skal vere ein god margin.

 

Grunnlaget for den private Bøfjorden skule  -  ”Kristent” alternativ – kvifor og kva inneber det?
 

For å få godkjent ein privat skule, må ein søkje om å drive eit alternativ til den offentlege skulen. Dette inneber i praksis at skulen må søkje om å drive etter ei etablert pedagogisk retning, eller vere knytt til eit livssyn. Dei etablerte og godkjente pedagogiske retningane er enten Steinerskule eller Montessoriskule. Både Steiner- og Montessoriskulen driv etter eiga læreplan i faga og det blir stilt til dels eigne krav til spesialutdanning for undervisningspersonalet. Ut frå det styret hadde av kunnskap om valmulegheitene, meiner vi at ein privat skule på kristent grunnlag ville kunne dekkje  behovet i Bøfjorden på den beste måten.
 

Ein privat skule på kristent grunnlag følgjer den offentlege læreplana (Kunnskapsløftet) i alle fag, med unntak av RLE. Der brukar ein i staden den godkjente plana RLE-B, som har eit noko sterkare fokus på kristendommen. Styret meiner bruk av stort sett den samme læreplana vil gjere overgangen til ungdomsskulen enklast muleg. Elles har styret slått fast at ”Verdigrunnlaget for Bøfjorden skule skal vera den kristne kulturarven slik den er bygd på luthersk-evangelisk lære og er gjeldande i Den norske kyrkja.” På denne måten ønskjer ein å skape ein skule som representerer kjente verdiar for dei aller fleste og der flest muleg skal kunne kjenne seg heime.
 

Innanfor rammene av ein privat skule med kristent verdigrunnlag meiner styret at det også er gode føresetnader for å vektlegge ”Uteskule”-pedagogikken slik ein ønskjer og dermed oppnå målsetjinga om ein aktiv, variert og meiningsfull skulekvardag.

 

Søknadsprosessen vidare
 

Søknaden om godkjenning av den private Bøfjorden skule ligg no til behandling hos Utdanningsdirektoratet, som skal gjere vedtak innan seinast 1.april 2014. Styret reknar med at eit vedtak vil komme i god tid før denne datoen. Ved privatskulesøknader har alltid kommunane den aktuelle skulen ligg i høve til å uttale seg til direktoratet. Det har også Surnadal kommune gjort. Styret vil presisere at det likevel er Utdanningsdirektoratet som avgjer om søknaden blir godkjent eller ikkje.
 

Dokumenta som skal følgje privatskulesøknaden er offentlege, og omfattar m.a. vedtekter, ordensreglar, inntaksreglement, budsjett for skule, budsjett for SFO og læreplan i RLE-B. Interesserte kan få tilsendt dokumenta ved å vende seg til styret.


 

Styret for Bøfjorden skule