Surnadal kommune annonserer:
Søknad om kulturmidlar 2017
Kultureininga i Surnadal kommune melder at søknadsfrist for kulturmidlar 2017 er 20. april. Sjå nedafor!
Søknadsfrist er 18. april for:
Kleivafondet (til kulturelle og lokalhistoriske prosjekt; ikkje driftstiltak). Ikkje eige søknadsskjema, send inn omtale og budsjett til Surnadal kommune.
Kleivaprisen: send inn framlegg på kandidatar, med grunngjeving, som gjer ein særleg innsats for det lokale kulturliv og/eller bygdesoge på frivillig basis.
Søknadene kan leverast på kommunehuset, sendast som post (Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal) eller sendast som e-post til kommunen (post@surnadal.kommune.no).
Desse har motteke Kleivaprisen tidlegare: Henning Sommerro, Styrkår Brørs, John Røen, Jørgen Gravvold, Bernt Bøe, Famntak, Alf Ramsøy, Paula Ranes, Ola Brøske, Eistein Bæverfjord, Kirsti Skei og Holger Skei, Svein Sæter, Trond Larsen, Dordi Skuggevik Tande, Sverre Hatle, Randi Lysø, Svanhild Husby, Fredrik Sjøflot og Lars Steinar Ansnes/Erling Myrbostad/Torbjørn Polden.
Søknadsfrist er 18. april for:
Kulturtilskott til prosjekt innafor heile kulturområdet. Tilskottet skal ikkje gå til drift av lag el.l. «Frittståande» søknader blir no ikkje behandla fortløpande, men må leverast innan denne eller fristen for 2. halvår (1. september). Det er sett av 35.000 kr til denne søknadsrunden. Elektronisk søknadsskjema på kommunen si nettside (tilskot til kulturarrangement).
Aktivitetar spesielt retta mot barn og unge. Heller ikkje desse pengane skal gå til ordinær drift av lag el. l. Det er sett av kr 10.000 i denne søknadsrunden. Det blir også her muleg å søkje på nytt i 2. halvår, med frist i september. Elektronisk søknadsskjema (tilskot til kulturarrangement).
Søknadsfrist er 30. april for:
Ordinære kulturmidlar (drift)
Oppstartingstilskot og utbetring av ball- og leikeplassar
Leige av gymsalar, hall og svømmehall for det komande skuleåret
Det skal nyttast elektronisk søknadsskjema til desse ordningane. Retningsliner og søknadsskjema finn du her (lenke: http://www.surnadal.kommune.no/kultur-idrett-og-fritid/soknad-om-tilskott/)